Vinterberedskap for tog-vinteren
Den kalde, fine tida kan vere utfordrande for alle som reiser med tog. Difor gjer vi fleire grep for å vere godt førebudde til kalde vinterdagar.

Fem grep for ein god tog-vinter
1. Vedlikeheld toga oftare
I vinterhalvåret tek vi toga oftare inn til verkstad for vedlikehald. Det minimerer sjansen for store, uventa feil og tog som blir ståande ute av trafikk på grunn av skadar.
På kalde, snørike dagar kan nemleg snø og is setje seg fast under toga og bli til isblokker på fleire hundre kilo. Det kan øydeleggje kablar og bremsesystem, og dei eldste toga kan bli sette ut av drift.
2. Ekstra sjekk av alle tog før kulda kjem
Alle toga våre går gjennom ein ekstra kontrollsjekk i løpet av hausten. Då rettar vi ein del småfeil og oppgraderer dei delane av toget som er mest utsette for snø og kulde.
Det gjer at vi har gjort unna meir vedlikehald i forkant av vinteren, og er betre rusta for ein streng vinter.
3. Kraftige brøytemaskiner
For at toga skal gå, må plattformer og skinner vere rydda for snø. Det kan vere ei utfordring på dagar med stort snøfall, men i fjor kjøpte Bane NOR inn nye, kraftige brøytemaskiner som tek unna meir snø enn tidlegare.
4. Skånar toga på dei kaldaste dagane
Mange av toga er gamle, og sprengkulde er tøft for gamle tog. På dei kaldaste dagane risikerer vi at delar eller heile togsett kan bli øydelagde og sette ut av drift over lengre periodar. Det kan få konsekvensar resten av året.
For å skåne toga vil vi vurdere å innstille nokre tog på dagar med stort snøfall eller kraftig vêr. Det betyr at drifta blir oppretthaldt på alle strekningar, men med reduserte tal på avgangar.
Sjølv om det er krevjande for kundane dei dagane det skjer, gjer vi dette for å sikre ein meir stabil drift i det lange løp.
5. Leiger inn fleire tog
For å kunne frakte alle reisande dit dei skal, må vi ha nok tog i drift. Vi flyttar ofte togsett frå rolegare strekningar til der behovet er størst, til dømes å flytte togsett frå Bratsbergbanen og setje dei inn på L2 Ski–Stabekk.
Denne hausten har vi òg fått låne fem togvogner frå SJ Nord, slik at vi kan levere stabil drift og eit best mogleg togtilbod til kundane på Bergensbanen gjennom heile vinteren.
Tips til deg som skal reisa
- Sjekk reisesøket i Vy-appen eller på vy.no før reisa, så er du oppdatert på eventuelle endringar eller forseinkingar på avgangen din.
- Skru på varsel i Vy-appen. Då kan me senda deg eit varsel viss ei strekning blir stengd eller viss toget ditt blir forseinka, innstilt eller køyrer frå eit anna spor. Gå til Varslinger i menyen for å setja opp faste varslar.