Refusjon, prisavslag og erstatning
Var toget ditt forseinka? Måtte du ta i bruk alternativ transport eller treng du å få ordna opp i betalingsfeil? Her kan du finne informasjon og søkje om refusjon og erstatning.
Ofte stilte spørsmål om refusjon
Du har rett til å få 50 prosent av billettprisen for enkeltbillett, og 50 prosent av dagsverdien* av periodebilletten refundert ved:
- forseinking på over éin time til avtalt stasjon med toga til Vy Oslo–Bergen og Flåm–Myrdal.
- forseinking på over 30 min til avtalt stasjon med alle andre Vy tog.
Du får ikkje refusjon av billettprisen om du vart varsla om forseinkingar på 30 min/éin time før billetten vart kjøpt.
*Dagsverdien reknar vi ut ved å dele prisen på periodebilletten med talet på dagar han gjeld for.
Smartpris
Dei same refusjonsvilkåra gjeld for Smartpris som for enkeltbillettar, til og med den 20. reisa. Du har då rett til å få refundert 50 prosent av billettprisen ved forseinking på over 30 min.
Alle reiser etter den 20. billetten har same refusjonsvilkår som for periodebillettar. Du har då rett til å få 50 prosent refundert av dagsverdien av periodebilletten ved forseinking på over 30 min, basert på 30 reisedagar i perioden.
Om vi ikkje kan tilby alternativ transport ved forseinking eller kansellering, vil vi refundere dei dokumenterte utlegga dine til alternativ transport om du blir meir enn:
- 20 min forseinka på reiser under 1 time med inntil 550 kr.
- 40 min forseinka på reiser mellom 1 og 3 timar med inntil 825 kr.
- 60 min forseinka på reiser over 3 timar med inntil 1100 kr.
På reiser over tre timar, og der forseinkinga gjer at du ikkje kjem fram før dagen etter, vil du få dekt overnattingsutgifter med inntil 800 kr. Er det ei reise med byte undervegs, og det er under 20 min til neste avgang, kan du ikkje kreve.
Merk at du ikkje vil få refundert kostnader for følgjeskader av forseinkinga, som f. eks. at du ikkje rekk ein avtale eller liknande.
Du får ikkje refusjon om du visste eller burde ha visst om forseinkinga eller kanselleringa før du kjøpte billett. Du har heller ikkje krav på refusjon om forseinkinga eller kanselleringa kjem frå tilhøve utanfor vår kontroll.
Viss forseinkinga var varsla før du kjøpte billetten, har du ikkje krav på erstatning.
I situasjonar der det har skjedd noko uventa som gjer at det blir buss for tog og du har dermed vorte forseinka, eller du får andre utgifter i samband med forseinking eller kansellering av tog, kan du få refundert heile eller delar av utlegga. Dette må du gjere skriftleg med vedlagd dokumentasjon innan tre månader etter hendinga.
Reisegaranti når du tek toget
- Toget må vere 30 minutt forseinka eller meir når det kjem til flyplassen.
- Du må i tillegg berekne å ta eit tog som har planlagt innkomst til flyplassen minst 30 minutt før innsjekkinga stenger.
- Refusjonen dekker ny flybillett og evt. andre utgifter du har fordi du må ta eit seinare fly.
- Sjå alle vilkåra som gjeld for tog til flyplassen i punkt 6A i reisevilkåra våre.
Reisegaranti når du tek bussen
- Du må berekne minst 60 minutt i tillegg til innsjekkingstid hos flyselskapet for å kunna krevje refusjon.
- Refusjonen dekker kostnader til alternativ transport eller andre komne utgifter som følgje av tapt flysamband.
- Sjå alle vilkåra som gjeld for buss til flyplassen i punkt 4.3 i reisevilkåra våre.
I kravet ditt må du gi ei detaljert skildring av kva som skjedde. Viss du har rett til erstatning, vil du få utbetalt pengar innan éin månad etter at Vy har fått kravet og naudsynt dokumentasjon.
Du har ikkje krav på erstatning om vi har sett opp alternativ transport og du vel å bestille taxi på eiga hand i staden for.