Leig buss – få den beste reisa
Turbussen er skreddarsydd for god tilrettelegging av det sosiale på turen, med fokus på god komfort, fleksibilitet og tryggleik.

Kontakt oss om leige av buss
Vi har avdelingar i store delar av landet. Du kan alltid kontakte oss, uansett kvar du skal reise. Send oss ei bestilling eller ein uforpliktande førespurnad, og du får raskt svar.
Send førespurnad eller bestillingGodt å vite når du skal leige buss
Vi tilbyr moderne og komfortable bussar for små og store grupper, frå 16-setars minibusser til større bussar med opptil 65 sitjeplassar.
Vi har òg elektriske turbussar som eit meir berekraftig alternativ. Dei elektriske bussane har 45 til 57 sitjeplassar.
Gjennom samarbeidspartnarane våre kan vi òg tilby større bussar, mellom anna dobbeltdekkjarar med opptil 84 sitjeplassar.
Turbussane våre er godt utstyrte. Dei aller fleste har toalett, tryggleiksbelte, mikrofon, guidesete og kjøleskap. Vi har også bussar med rullestolheis, trådlaust nettverk, klimaanlegg og tilgang til lading.
Ynskjer du mat og drikke undervegs, kan du spørje etter dette når du tek kontakt med oss.
Før du bestiller bør du gjere ei samla vurdering av pris, trykkleik og leveringstryggleik. Kontroller nøye at godkjenninga stemmer med ynska dine, og gje oss tilbakemelding om det er noko du vil endre på.
Dialog med sjåføren er viktig, og om du har spørsmål kan du alltid kontakte oss. Det er betre å spørje ein gong for mykje enn ein gong for lite.
Litt ekstra planlegging kan gjere at bussturen blir både meir morosam og sosial. Kva med ei runde Kahoot, musikkviss eller bussbingo? Gje oss beskjed om det er noko spesielt de treng, til dømes Bluetooth-tilkopling eller skjerm.
Det er også mogleg å legge inn ein stoppestad undervegs, med ein aktivitet eller underhaldning.
Kundar vi har faste avtalar med
Dei siste åra har vi fleire gongar jobba med store kundar som Bedre og Bedre, Berg-Hansen, Egencia, G-Travel, Peer Gynt Tours, NRK, Utdanningsmessene, UDI, Aalesunds fotballklubb, Molde fotballklubb, Strømsgodset og Sogndal fotball.
Kundeuttalingar
Prosjekt vi er stolte av
- Kiwiaden, 2008, 2012 og 2016
- Utdanningsmessene, 2025
- Dale Oen Inspire, 2025
- Ypsilon-festivalen i Drammen, 2025
- Palmesus-festivalen i Kristiansand, 2022-2025
- Konsertar på Unity Arena, 2009–d.d.