Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Personvern i Vygruppen AS

Vi samlar inn og behandlar personopplysningar om deg som kjøper våre tenester eller bruker Vy-appen, vy.no eller vy.se. Her kan du lese om rettane dine, korleis vi behandlar personopplysningar, og korleis du får innsyn i personopplysningane vi har om deg.

Behandlingsansvarlig når du brukar tenestene våre er:

Vygruppen er eit mobilitetskonsern med fleire selskap som leverer ulike reisetenester, under dette tog- og busstenester. Selskapa i Vygruppen har eit felles konsernkunderegister for best å kunne administrere kundetilhøvet og samordne tilbodet av tenester frå selskapa i konsernet. Selskapa i Vygruppen har eit sams behandlingsansvar for opplysningane i registeret.

Prinsippa våre for personvern

  • Vi skal behandle personopplysningar på ein lovleg, rettvis og open måte.
  • Vi skal berre hente inn personopplysningar som er relevante vår reisene og kundetilhøvet til kundane våre.
  • Vi hentar ikkje inn meir personopplysningar enn vi må.
  • Personopplysningar som vi har henta inn skal vere oppdaterte og korrekte.
  • Personopplysningar som vi har henta inn skal slettast når det ikkje lenger er behov for dei.
  • Personopplysningar som vi har henta inn skal behandlast konfidensielt.
  • Vi sel aldri personopplysningar til tredjepartar.
  • Kundane våre har rett til å få innsyn i personopplysningar knytte til kundetilhøvet sitt. Kundar skal kunne få ein kopi av desse, og kan velje å slette dei frå systema våre om vi ikkje treng dei for t.d. å oppfylle lovkrav.

Behandling av personopplysningar

Personvern- og samtykkeerklæringar

Oppdaterte vilkår for personvern

Sjå også: