Hopp til hovudinnhald
Vy logo

Om oss

Vygruppen er Nordens største landbaserte transportkonsern. Det er staten ved Samferdsledepartementet som eig selskapet.

Våre verksemdsområde

Vi opererer innanfor fire verksemdsområde i Noreg og Sverige: Tog, buss, godstransport og reiseliv.

Toget på Bergensbanen kjører over vidde dekket av myrull
Foto: Øivind Haug

Vyane våre mot 2030

Når folk reiser til jobb, skule eller heim, eller varer skal trygt fram, bidreg vi til å halde samfunnet i gang. Det er kvaliteten på det vi leverer kvar dag som avgjer om kundane vel oss. Derfor jobbar vi med å utvikle tenester som er til å stole på – og som gir gode opplevingar for kundane.

Vi er også ein del av løysinga på klimautfordringane. Når fleire vel kollektivtransport og godstransport på bane, bidreg det til lågare utslepp og mindre kø. Det er dette som ligg til grunn for retninga vi har valt.

Vi jobbar med å levere: Gode reiser kvar dag. Gode transportar kvar dag.

Dette lykkast vi med gjennom tre prioriteringar:

  • Fornøgde kundar: Vi leverer tenester som gjer at kundane vel oss igjen.
  • Effektiv og berekraftig drift: Vi driv effektivt, lønnsamt og miljøvennleg og styrkjer konkurransekrafta vår.
  • Stolte og engasjerte medarbeidarar: Vi er trygge, dyktige, stolte og engasjerte medarbeidarar som lykkast saman.
Kvinnelig passager stiger ombord på bussen og smiler til sjåføren

Karriere

Hos oss kan du bidra til at fleire reiser kollektivt og miljøvennleg. Her kan du lese meir om moglegheitene som finst i eit av dei største transportkonserna i Norden.