Buss for tog
Ved planlagt arbeid eller oppstått hendingar som fører til at toga ikkje kan gå, set Vy inn alternativ transport med buss for tog.

Finn oppdatert informasjon
Ofte stilte spørsmål om buss for tog
Når det er sett opp buss for tog, er togbilletten din gyldig på bussen som er alternativ transport for strekninga di. Om vi ikkje tilbyr buss for tog på strekninga, vil togbilletten din vera gyldig på Ruters transportmiddel på same strekning.
Ved planlagde avvik der buss erstattar delar av ei togstrekning, har bussen alltid tidlegare avgangstid enn toget normalt har for å sikra at bussen er framme i god tid på overgangsstasjonen.
Dersom bussen blir forseinka får du plass på neste tog. Dersom siste tog vidare har gått eller det er meir enn éin time til neste avgang, tilbyr vi alternativ transport. I så tilfelle vil du få hjelp av kunderettleiar på stasjonen eller informasjon av bussjåføren.
Skal du byte frå tog til buss for tog, og toget blir forseinka, vil bussen vente på deg ei viss tid. Dersom forseinkinga blir stor, bestiller vi ny alternativ transport.
Bussar med toalett om bord er tilgjengelege for reisande, men det kan henda at ikkje alle bussane har toalett.
Det er bussjåføren som avgjer om det er ok å nyte mat/drikke du sjølv har teke med om bord på bussen.
All påstiging skjer som regel i Trelastgata ved spor 19, men det er lurt å sjekke reisesøket på førehand.
Spor 19 er det siste sporet på stasjonen, nærast Operahuset. På andre sida av perrongen er det ei rekkje busshaldeplassar som vi bruker ved buss for tog.
Ja, du får rabattopptening for reiser med buss for tog.
Viss toget ditt blir forseinka eller innstilt, og vi ikkje har gitt deg informasjon om korleis du kan komme deg vidare innan rimeleg tid, kan du få dekt nødvendige og dokumenterte utgifter til alternativ transport. Dette gjeld ikkje når det er planlagt buss for tog som har vorte annonsert på førehand.
Barn og tilgjengelegheit på buss for tog
Alle bussar skal ha minst éin rullestolplass, så det betyr at du skal vere sikra plass viss du er første passasjer med rullestol. Unntaksvis manglar det heis i bussen – då må rullestolen plasserast i bagasjerommet.
Viss rullestolplassen allereie er i bruk av ein annan må rullestolen din leggjast saman og bli plassert i bagasjerommet. Vi bestiller maxitaxi med rullestolrampe dersom du ikkje kan gå ut eller løftast ut av rullestolen.
Bussane transporterer berre rullestolar som er innanfor måla 70 x 120 cm.
For reiser med til dømes Ruter eller Skyss er det deira reisevilkår som gjeld.
Viss ikkje barnevogna får plass inni bussen, kan du legge saman vogna og plassere ho i bagasjerommet.
Ved avvik samarbeider vi også med andre kollektivselskap, og viser til dei ordinære tilboda deira på enkelte togstrekningar. Då er det reglane for dette selskapet som gjeld.
Bagasje og kjæledyr på buss for tog
Viss ikkje barnevogna får plass inni bussen, kan du legge saman vogna og plassere ho i bagasjerommet.
Ved avvik samarbeider vi også med andre kollektivselskap, og viser til dei ordinære tilboda deira på enkelte togstrekningar. Då er det reglane for dette selskapet som gjeld.
Reiser du med buss for tog for Bergensbanen kan du dessverre ikkje ta med sykkel. Dette kjem av avgrensa lasteplass på bussane, slik at vi må prioritere annan bagasje framføre frakt av syklar.
Reiser du med buss for tog på andre lokal- og regionstogstrekningar rår vi at du ikkje tek med sykkel, då det kan vere plassutfordringar. Vi kan derfor ikkje garantera deg at du vil få med sykkelen på buss for tog.
Ved avvik samarbeider vi også med andre kollektivselskap, og viser til tilboda deira på enkelte togstrekningar. Dette kan vera til dømes Ruters eller Skyss sine bussar. Då er det reglane for dette selskapet som gjeld.
Vi kan dessverre ikkje garantere plass til kjæledyr på buss for tog. Dette kjem av at mange turbussar har teppegolv der dyrehår kan sette seg fast, og skape problem for allergikarar seinare. Derfor kan du oppleve at enkelte bussar som blir brukte ved buss for tog ikkje tillèt kjæledyr om bord.
Ved avvik samarbeider vi også med andre kollektivselskap, og viser til tilboda deira på enkelte togstrekningar. Dette kan vere til dømes Ruters eller Skyss sine bussar. Då er det reglane for dette selskapet som gjeld.