Reisevilkår for Vy
Her finn du reisevilkåra for Vy, dei generelle retningslinjene som gjeld deg som reiser med toga og bussane til Vy.
Reisevilkåra
Takk for at du reiser med Vy!
I desse reisevilkåra finn du informasjon om kva du kan vente deg frå Vy når du reiser med oss, og kva vi kan vente oss frå deg.
1. Om reisevilkåra og omgrepa i dokumentet
2. Kva tid har Vy plikt til å transportere deg?
3. Plikta du har til å ha gyldig billett
4. Kva kan skje om du ikkje har gyldig billett?
Passasjeren kan haldast tilbake så lenge han eller ho ikkje gjev opp korrekt namn, adresse og fødselsdato, eller til vi har fått stadfesta at personopplysningane stemmer. Om passasjeren likevel betaler gebyret på staden, kan han eller ho ikkje haldast tilbake lenger.
Vy kan ikkje halde tilbake passasjerar om dette er eit inngrep som ikkje står i samsvar med den konkrete situasjonen. Personar under 15 år kan berre haldast tilbake i samråd med politiet.
5. Reglar for bagasje og kjæledyr
Du er sjølv ansvarleg for bagasjen din på reisa. Du må bere han inn på toget og setje han på ein eigna plass.
6. Rettane dine om toget blir forseinka eller innstilt
Om vi ikkje har gjeve deg informasjon om korleis du skal kome deg vidare innan rimeleg tid, kan du få dekt dokumenterte, påreknelege, direkte utgifter til alternativ transport avhengig av reiselengde og kor lang forseinkinga er.
- For forseinking på 20 minutt eller meir på reiser under 1 time kan du få dekt utgifter opp til 550 kr.
- For forseinking på 40 minutt eller meir på reiser mellom 1 og 3 timar kan du få dekt utgifter opp til 825 kr.
- For forseinking på 60 minutt eller meir på alle reiser inntil ei grense på 30 prosent av grunnbeløpet i folketrygda (G).
- Reiser du med Vy sine tog til Oslo Lufthavn eller Torp for å reise vidare med fly, og toget ditt er meir enn 30 minutt forseinka, får du dekt dokumenterte, påreknelege, direkte utgifter opp til 30 prosent av grunnbeløpet i folketrygda. Du må rekne med minst 30 minutt ekstra tid når du kjem fram til flyplass, i tillegg til innsjekkingstida til flyselskapet.
På førespurnad frå passasjeren skal Vy stadfeste på billetten at toget er forseinka, og at forseinkinga eventuelt har ført til tapt korrespondanse eller at toget er innstilt.
7. Kva har du krav på om reisa har feil eller mangel?
8. Korleis krev du erstatning eller prisavslag?
9. Kva tid kan Vy nekte passasjerar å reise?
10. Retten Vy har til å nekte passasjerar å reise for ein lengre periode
11. Tryggleik og ansvar
Rettane passasjerane har etter reisevilkåra gjeld som eit supplement til reglane i forskrift om rettane til jernbanepassasjerar og pliktene av 11. mai 2023 nr. 692 (jernbanepassasjerrettigheitsforskrifta).
Kontaktinformasjon
Ved kjøp av billett inngår du ein avtale med Vy. Reisevilkåra er ein del av avtalen mellom deg og Vy Buss AS. Reisevilkåra gjeld for rutegåande trafikk med Vy Buss i Noreg.
Desse reisevilkåra må sjåast i samanheng med EU/EØS-forordning 181/2011 om busspassasjerrettar.
§1 Billett- og reisereglar
§1.1 Kjøpsvilkår
Førehandskjøpt billett gjev rett til reise. Enkeltbillett gjev rett til reise på bestemte avgangar. Ved reise med enkeltbillett må påstiging skje på den haldeplassen som går fram av billetten. Kjøp av billett for spesifiserte avgangar gjev ikkje rett til påstiging frå annan haldeplass enn den som går fram av billetten.
Periodebillett gjev rett til reise mellom dei haldeplassane og innanfor den perioden billetten gjeld.
Ubrukt billett (t.d. enkeltbillett, returbillett, periodebillett eller annan fleirreisebillett) refunderast ikkje. Det er den reisande sitt ansvar å møte opp til rett avgang til rett tid og på rett haldeplass.
Ein må ha med seg billetten under heile reisa, og ein er sjølv ansvarleg for at han ikkje kjem på avvegar. Du er sjølv ansvarleg for at du har valt riktig reiserute, dato, avgangstid, billettype og e-postadresse/telefonnummer ved kjøp av billettar. Du må også kunne vise gyldig legitimasjon for å dokumentere riktig billettkategori.
Dersom nedetid eller andre tekniske problem på nettsida fører til at det ikkje er mogeleg å kjøpe billettar, må billett kjøpast på bussen til ordinær pris.
§1.2 Periodebillett og tilgodebeløp
Beløp passasjeren har til gode er gyldig i eitt år frå utskrivingsdato.
§1.3 Barn på bussen
Barn som reiser åleine må vere i skolepliktig alder og kunne ta vare på seg sjølv. Skjemaet «Eg reiser åleine» skal fyllast ut av barnet sine føresette med opplysningar om barnet og den som bringar eller hentar barnet. Barnet viser skjemaet til sjåføren ved påstiging, og tek sjølv vare på skjemaet under reisa. Vy oppmodar føresette til å kjøpe billett til barnet på nett og reservere sete i nærleiken av sjåføren.
§1.4 Student
Tek du høgare utdanning ved norske høgskular eller universitet, kan du kjøpe studentbillett. Du må då kunne vise fram gyldig studentbevis. Fysisk studentkort og digitalt studentbevis (studentbevis-appen) godtakast. Semesteravgift for inneverande semester må vere betalt, og oblat/kvittering for dette må kunne visast fram. Elevar ved vidaregåande og ungdomsskole kan kjøpe billett som barn (opp til 17 år) eller ungdom.
For studentar som studerer i utlandet er berre ISIC-kort gyldig som studentbevis. Det blir ikkje gjeve studentrabatt til deltakarar ved kortvarige kveldskurs eller språkkurs.
§1.5 Framvising av billett
Reisande skal vise fram gyldig billett ved påstiging, og han skal takast vare på under heile reisa og kunne visast fram på oppmoding frå personalet.
§1.6 Billettkontroll og gebyr
Vy Buss har rett til å kontrollere at reisande har gyldig billett. Reisande som ved kontroll ikkje har gyldig billett, vil bli pålagde eit gebyr. Gebyret er for tida 950,- kr om det blir betalt på staden, og 1150,- kr om gebyret betalast seinare. Ved betaling på staden blir den reisande gjeven ei kvittering som gjev rett til å fortsetje reisa. Ved seinare betaling må den reisande kjøpe billett for reisa. Avbrot av reisa ved kontroll fritek ikkje for gebyr.
§1.7 Dyr på bussen
Førarhund, servicehund, polititenestehund og redningshund i teneste eller opplæring kan alltid reise med bussen. Tilgangen til å ha med andre dyr på bussen varierer med linjene.
§1.8 Oppførsel under reisa
Reisande pliktar å ta omsyn til andre passasjerar og innrette seg etter tryggleiks- og trivselsreglane om bord på bussen.
Røyking og bruk av alkohol eller andre rusmiddel er forbode på bussen. Personalet kan nekte å ta med reisande som er synleg påverka av rusmiddel. Reisande som opptrer ubehageleg eller på annan måte sjenerer andre passasjerar, kan visast bort om dei ikkje etterkjem oppmoding frå personalet.
§2 Reisegods
§2.1 Vanleg bagasje
Reisande kan fritt ta med ein handbagasje som får plass under setet framføre.
I tillegg til handbagasje kan reisande ha med inntil 2 kolli bagasje per person. Maksimale mål og vekt per kolli er høgde + lengde + djupn = 175 cm / 23 kilo. Ekstra bagasje ut over 2 kolli kan førehandstingast eller kjøpast om bord på bussen om det er plass.
All bagasje skal pakkast godt slik at han ikkje øydelegg annan bagasje. Sjåføren kan avslå å ta med bagasje om han ikkje er forsvarleg pakka. All bagasje skal merkast som nemnt i punkt 2.3.
§2.2 Barnevogn, sykkel, ski og spesialbagasje
Barnevogn fraktast fritt om det er plass. Sjåføren avgjer kvar barnevogna skal plasserast under reisa.
Ski eller snøbrett reknast som eitt kolli bagasje om det er godt pakka.
Som spesialbagasje reknar vi mellom anna golfbag, pulk og surfebrett. Sykkel vert ikkje rekna som spesialbagasje. Maksimale mål og vekt per kolli spesialbagasje er 50 cm x 60 cm x 220 cm og 23 kilo. Merk at spesialbagasje må førehandsbestillast ved kjøp av billett.
Plass til sykkel må bestillast på førehand når du kjøper billett på vy.no. Sykkel kan kun fraktast med busslinje VY1, VY6, VY175 og FB11. Vi anbefalar å pakke sykkelen i ein sykkelbag, då den vert frakta i bagasjerommet på bussen.
Elektrisk sykkel er ikkje tillatt. Du kan ta med små elektriske køyrety, som elektrisk sparkesykkel i bussens bagasjerom.
Litium-ion batterier som vert nytta i små elektriske kjøretøy skal ikkje ladast om bord i bussen.
Skytevåpen fraktast om det er forsvarleg pakka, og hovuddelen og sluttstykket til våpenet blir haldne frå kvarandre. Hovuddelen av våpenet lagrast saman med eventuell ammunisjon i bagasjerommet på bussen. Sluttstykket til våpenet lagrast i handbagasjen. Stikkvåpen kan ikkje fraktast inne på bussen.
§2.3 Forveksling av bagasje
Reisande må sjølv sjå til at dei får med seg eigen bagasje ved avstiging.
Bagasje bør vere tydeleg merkt med namn og telefonnummer. Vy har diverre ikkje høve til å kontrollere at reisande tek med seg riktig bagasje, og Vy er ikkje erstatningsansvarleg ved tap av bagasje eller skade som er skulda av andre reisande. Ved forveksling av bagasje vil kundeservice på førespurnad freiste å setje dei reisande i kontakt med kvarandre, slik at forveksla bagasje kan leverast tilbake.
§2.4 Frakt av gods
Vy Buss tilbyd å frakte pakker på direkte linjer om det er plass. Avsendaren betalar for frakta og leverer pakka direkte til sjåføren. Mottakaren må møte opp på staden pakka skal til, og hente pakka direkte på bussen når denne kjem fram.
Pakka må merkast tydeleg med namn og telefonnummer til både sendar og mottakar slik at sjåføren har høve til å varsle om noko uføresett skulle skje undervegs.
Med tanke på tryggleiken har sjåføren rett til å undersøkje godset før det fraktast. Sjåføren kan avslå å frakte godset om det er tvil om kva godset inneheld. Vy Buss fraktar ikkje:
- ferskvarer som kjøt og fisk
- farlege stoff som drivstoff, gass, kjemikalie og liknande
- levande dyr
- store gjenstandar som kvitevarer, møblar og liknande
Gods som ikkje blir henta blir returnert til avsendarstad og må hentast der av sendaren.
Elles gjeld vegfraktlova. Vy gjer særleg merksam på at ansvaret for tap av gods ved innanriks frakt er avgrensa oppover til 17 SDR (Special Drawing Rights), sjå vegfraktlova §32 andre ledd. Ved frakt av verdifullt gods rår vi avsendar til å forsikre godset.
§2.5 Ansvar og erstatning for tap av eller skade på reisegods
Transportøren er ikkje ansvarleg for tap eller skade på gjenstandar som blir tekne med fraktfritt med mindre det kan påvisast forsett eller grov aktløyse frå beteninga si side. Elles regulerast selskapet sitt ansvar av Bilansvarslova av 3. februar 1961.
For reisegods som det er betalt godtgjersle for er transportør ansvarleg for tap eller skade som råkar godset frå det blir brakt inn i bussen fram til dit bussen skal. Dette gjeld likevel ikkje om tapet eller skade skuldast feil eller forsømming frå den reisande som har med seg godset. Ved fastsetjing av storleiken på erstatninga kjem lov om vegfraktavtalar av 20. desember 1974 til bruk. §32, 2. ledd i lova fastset at ved innanriks frakt kan erstatninga ikkje gå over 17 SDR for kvart kilogram av det tapte gods i bruttovekt.
(SDR er ei internasjonal valutaeining, kalla dei spesielle trekkrettane, som er fastsette av Det Internasjonale Valutafondet.)
§3 Reisande med nedsett funksjonsevne
§3.1 Rett til transport
Reisande med nedsett funksjonsevne har rett til å reise med Vy så langt det er praktisk mogleg. Den reisande må kunne gjennomføre reisa på eiga hand, med eigen følgjesvein eller ved hjelp av den assistansen som Vy kan tilby på bussen.
Vy ynskjer at reiseade som reiser med rullestol som skal inn i bussen gir beskjed om dette ved å kontakte kundeservice 36 timer før avgang. Dette for å kunne garantera at bussen er klargjord for rullestol. Ved seinare beskjed vil vi likevel, så langt det er praktisk mogleg, gjere det vi kan for å klargjere bussen.
Personar med nedsett funksjonsevne som ikkje kan betene dei automatiserte løysingane våre, kan kjøpe billett om bord eller førehandskjøpe billett hos kundeservice utan ekstra kostnader.
Reisande med nedsett funksjonsevne eller rørsleevne kan berre bli nekta transport dersom:
- Det er naudsynt for å ta vare på tryggleiksreglar gjevne i medhald av lov eller forskrift.
- Utforminga av konstruksjonen til bussen, stoppestaden eller terminalen gjer det fysisk umogleg å ta den reisande om bord. Av omsyn til tryggleiken og den fysiske utforminga til bussen kan ikkje rullestolen overstige følgjande mål: lengde 120 cm, breidde 70 cm, høgde 109 cm og totalvekt på 300 kg (inkl. brukar).
Om den reisande blir nekta transport på grunn av tilhøve som nemnt over, vil Vy informere den reisande om alternative transporthøve. Den reisande vil også ha krav på å få refundert førehandskjøpt billett.
§3.2 Assistanse under reisa
Vy ønskjer at reisande med behov for assistanse under reisa, varslar om dette ved å kontakte kundeservice 36 timar før avgang. Ved seinare beskjed vil vi likevel, så langt det er praktisk mogleg, gjere det vi kan for å assistere under reisa.
Assistanse under reisa består av hjelp til ombordstiging, avstiging og plassering av rullestol. Personalet vårt har ikkje høve til å assistere med mating, medisinering, toalettbesøk eller liknande. Sjølv om den reisande ikkje har meldt frå om behovet for assistanse seinast 36 timar før avgang, vil Vy freiste så langt det er praktisk mogleg å assistere den reisande med ombord- og avstiging.
§3.3 Følgjesveinar og førarhund
Reisefølgje får 50 prosent rabatt på vaksenbillett. Gyldig reisefølgjebevis utferda av offentleg etat/styresmakt må kunne framvises. Førarhund eller servicehund reiser gratis.
§4 Passasjerrettar ved forseinking eller kansellert reise
§4.1 Reisande sine rettar på ekspressbussar
Om det skulle oppstå forseinkingar på reisa, har du som passasjer rettar som vil kompensere for forseinking eller kansellering. Vi pliktar oss til å gjere vårt beste for at du kjem fram i rett tid. Om det likevel skulle oppstå forseinking eller annan svikt i leveransen vår, vil vi:
- gje deg best mogleg informasjon om kva som skjer
- så tidleg som mogleg gje deg informasjon om alternative transportar/reisevegar
- setje opp alternativ transport så langt det er praktisk mogleg
§4.2 Refusjon av utgifter til alternativ transport
Om vi ikkje kan tilby alternativ transport ved forseinking eller kansellering, vil vi refundere dei dokumenterte utlegga dine til alternativ transport om du blir meir enn:
- 20 minutt forseinka på reiser under 1 time med inntil 550 kr.
- 40 minutt forseinka på reiser mellom 1 og 3 timar med inntil 825 kr.
- 60 minutt forseinka på reiser over 3 timar med inntil 1100 kr.
- På reiser over tre timar, og der forseinkinga gjer at du ikkje kjem fram før dagen etter, vil du få dekt overnattingsutgifter med inntil 800 kr. Er det under 20 minutt til neste avgang, vil du ikkje ha krav på refusjon.
For å krevje refusjon må du sende oss ein skriftleg førespurnad som nemnt i punkt 5.
Merk at du ikkje vil få refundert kostnader for følgjeskader av forseinkinga, som f. eks. at du ikkje rekk ein avtale eller liknande.
§4.3 Rettar ved forseinka buss til flyplass
- Innland: Innsjekking minimum 1 time før avgang.
- Utland: Innsjekking minimum 1,5 time før avgang.
- Charterreiser: Innsjekkingsskrankane opnar 2 timar før avgang og stengjer 1 time før avgang.
- Direkteflygingar til USA: Ver merksam på at for direkteruter til USA gjeld eigne reglar. Det er vanleg at innsjekk startar 3 timar før avgang og stengjer 1 time før avgang.
§4.4 Unntak frå retten til refusjon
Du får ikkje refusjon om du visste eller burde ha visst om forseinkinga eller kanselleringa før du kjøpte billett. Du har heller ikkje krav på refusjon om forseinkinga eller kanselleringa kjem frå tilhøve utanfor vår kontroll. Dette vil til dømes kunne omfatte uannonserte offentlege påbod og forbod, streik, ulykker, vegarbeid, naturkatastrofar og ekstraordinære og uføresette vêrtilhøve (til dømes kraftig snøfall, ras, flaum eller ekstraordinær glatt vegbane).
Ved byte mellom ekspressbussane våre må du rekne minimum 30 minutt. Har du rekna med mindre tid enn dette kan du ikkje kompenserast for utlegg til alternativ transport eller overnatting.
§4.5 Refusjon av billettutgifter ved forseinking eller kansellering
Om vi har grunn til å tru at reisa blir kansellert eller forseinka med meir enn to timar, vil vi tilby deg valet mellom å fortsetje reisa på samanliknbare vilkår utan ekstrakostnad så langt det er praktisk mogleg, eller refusjon av billettutgifta. Du har ikkje krav på å få refundert billettutgifter om du får refundert utgifter til alternativ transport som nemnt i punkt 4.2.
§5 Rett til refusjon ved sjukdom
Det er berre refunderbar billett som gjev rett på kansellering med refusjon. Har du ikkje refunderbar billett og ikkje har høve til å reise på grunn av sjukdom, må du ta kontakt med eige forsikringsselskap. Vy Buss kan hjelpe med å sjekke om ein billett er validert eller ikkje, og gje ei skriftleg stadfesting på ubrukt billett, som forsikringsselskap somme gongar krev.
§6 Klagebehandling
Her finn du ei oversikt over vilkår for bruk av Vy-appen. Sjå kva som er ditt ansvar, så unngår du gebyr i ein billettkontroll.
- Du må ha tilstrekkeleg nettdekning og mobildata slik at du får kjøpt billett og vist billetten ved kontroll.
- Mobiltelefon eller nettbrett må fungera normalt, slik at skjermen er leseleg.
- Batteriet på mobilen må vere tilstrekkeleg opplada til å vare heile reisa, slik at du kan vise billetten din ved billettkontroll.
- Viss du ikkje kan vise billetten din, blir det rekna som å reise utan gyldig billett.
- Du må ha gyldig billett for reisa før du går om bord eller inn i ei kontrollsone. Føresetnaden for å reise er at du som kunde kan vise gyldig billett ved kontroll. Dokumentasjon av gyldig billett kan ikkje skje i etterkant av kontrollen.
- Billettar og data frå Vy, delvis eller i sin heilskap, skal ikkje kopierast på nokon måte.