Kva bussbillett skal du kjøpe?
Her er oversikt over dei ulike billettkategoriane våre og vilkåra som gjeld for dei ulike rabattane.

Våre billettkategoriar på buss
- Barn 0–5 år
- Barn 6–17 år
- Ungdom 18–25 år
- Student (studentar opptil 30 år)
- Vaksen
- Honnør
- Militær
- Vernepliktig
Vilkår for rabatt for buss
Barn betaler berre ti prosent av ein vaksen fullprisbillett fram til dagen dei fyller seks år.
Er du mellom 6 og 17 år, kan du kjøpe barnebillett. Ver førebudd på at du må kunne vise gyldig legitimasjon.
Er du mellom 18 og 25 år, kan du kjøpe ungdomsbillett. Ungdom og studentar får lik rabatt. Ver førebudd på at du må kunne vise gyldig legitimasjon.
Tek du høgare utdanning ved norske høgskular eller universitet, kan du kjøpe studentbillett. Dette gjeld også studentar som studerer i utlandet med gyldig ISIC studentbevis.
Fysisk studentkort og Studentbevis-appen er godkjende bevis. Semesteravgift for inneverande semester må vere betalt.
Elevar ved vidaregåande skule eller ungdomsskule kan kjøpe barnebillett (6–17 år) eller ungdomsbillett (18–25 år). Barne-, ungdoms- og studentbillett gir same rabatt.
Personar som har fylt 67 år eller personar med gyldig honnørkort frå NAV kan kjøpe honnørbillett på bussen.
Reisefølgje får 50 prosent rabatt på vaksenbillett på buss. Må kunne vise fram reisefølgjebevis. Eigaren av reisefølgjebeviset vel sjølv kven som skal vere reisefølgje.
Reisefølgjebillett er inntil vidare tilgjengeleg berre på vybuss.noEkstern lenke og i Vy Buss-appen.
Er du soldat i førstegongsteneste får du 90 prosent rabatt (minstepris 43 kr) ved kjøp av billett på nett. Vel billettkategorien «Vernepliktig» når du kjøper billett på vy.no eller i Vy-appen.
Denne rabatten gjeld for:
- Reise til og frå sesjon
- Oppmøte til -, og heimreise ved dimisjon frå, førstegangstjeneste.
- Oppmøte til befalsopptak
- Soldatar i førstegongsteneste, militære lærlingar i 1. og 2. utdanningsår
- Oppmøte/heimreise til nytilføring i Heimevernet, og oppmøte/heimreise til repetisjonsteneste
- Elevar og studentar ved Forsvarets Høyskole
Rabatten gjeld reisande i både sivilt og i uniform.
Innkallingsbrev, Forsvarets identitetskort eller studentbevis fra Forsvarets Høyskole er einaste godkjende moderasjonsbevis.
Vi tilbyr familierabatt på reiser med Vy flybussen FB11 og FB12 mellom Fredrikstad og Oslo lufthavn (Gardermoen).
Med familierabatt kan fire barn under 18 år reise gratis saman med to vaksne som har kjøpt ordinære vaksenbillettar. Det same gjeld for to barn under 18 år som reiser saman med éin vaksen med ordinær vaksenbillett.
Merk at billettar må kjøpast på førehand. For å få familierabatt må du bruke kampanjekoden FAMILIE i reisesøket på vy.no eller i Vy-appen.
Reis med ekspressbuss i gruppe og spar pengar. Er de ti eller fleire som skal reise saman, kan de få 15 % rabatt på ordinær pris. Rabatten gjeld alle reiser med Vy express frå måndag til torsdag.
Bruk kampanjekoden GRUPPE15 når de bestiller billettane her på vy.no eller i Vy-appen.
Merk:
- Rabatten gjeld ikkje for reiser med Vy flybussen, Vy shuttle, skibuss, linje VY25 eller linje VY26.
- Rabatten gjeld berre for reiser i Norge.
- Kvar billett må vere over 100 kroner.
- Rabatten kan ikkje kombinerast med andre rabattar.