Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Nettsvindel og phishing

Med jamne mellomrom blir falske e-postar sende der avsendaren gir seg ut for å vere Vy. Her er nokre tips for å hjelpe deg med å identifisere ekte e-postar frå Vy og unngå å bli lurte av svindlarar.

Korleis kjenne igjen ein ekte e-post frå Vy

  • Avsenderadressen: Ekte e-postar frå Vy endar alltid med ei adresse som blir avslutta med vy.no. Ver skeptisk til andre domene.
  • Innhald: Vy vil aldri be deg om å oppgi betalingsinformasjon, passord eller andre sensitive opplysningar via e-post.
  • Lenkjer: Ekte e-postar frå Vy inneheld lenkjer som peikar til vy.no. Om du er i tvil, gå direkte til nettsida vår eller appen i staden for å trykkje på lenkjer i e-posten.
  • Bruk sunn fornuft: Vere ekstra på vakt dersom du får tilsendt eit tilbod som er for godt til å vere sant, eller du får ei kjensle av at noko ikkje stemmer

Kva skal du gjere om du får ein mistenkjeleg e-post?

  • Ikkje klikk på lenkjer: Om du er usikker på om ein e-post er ekte, ikkje klikk på nokon lenkjer eller vedlegg.
  • Sjekk avsendaren: Kontroller avsendaradressa nøye. Svindlarar kan bruka adresser som liknar på ekte adresser.
  • Kontakt Vy: Om du er i tvil, kontakt Vy via tilbakemeldingsskjemaet for å stadfesta e-posten.

Kva skal du gjere om du har klikka på ei lenkje i ein svindel-e-post?

  • Byt passord: Om du har oppgitt passordet ditt, byt det med ein gong. Bruk eit sterkt og unikt passord.
  • Kontakt banken din: Om du har oppgitt kontoopplysningar, kontakt banken din umiddelbart.
  • Kontakt Vy: Kontakt Vy om du har spørsmål eller treng hjelp.

Ved å følgje desse tipsa kan du verne deg sjølv mot svindlarar og sikre at du berre kommuniserer med Vy på ein trygg måte. Hugs, om du er i tvil, gå alltid direkte til Vy’s nettside eller Vy-appen.