Berekraft og samfunnsansvar
Alle som reiser kollektivt eller fraktar gods på skjener bidreg til eit meir berekraftig samfunn. Det er låge utslepp frå toga og bussane våre, og vi jobbar løpande for å redusere dei meir.

Visste du at...
- I 2025 gjennomførte vi 223 millionar reiser og sparte samfunnet tilsvarande det årlege utsleppet frå 478 000 bilar
- Jernbana står for 0,1 prosent av Noreg sitt årlege CO₂-utslepp, medan vegtrafikk utgjer 8,7 prosent
- 50 prosent av bussane til Vy går på ikkje-fossilt drivstoff
- 1 200 trailerar blir erstatta av godstoga til CargoNet kvar dag
- 600 bilar blir i snitt erstatta av eit fullt tog i rushtrafikk

Kvifor er kollektivtransport og gods på skjener meir berekraftig enn elektrisk personbil og lastebil?
Sparar areal og ressursar
Kollektivtransport reduserer behovet for parkering som gjev meir plass til fleire gågater, grøntområde og bustader. Ved å reise kollektivt blir det mindre ressursbruk ved deling av same køyretøy.
Reduserer støy og forureining
Bildekk skaper mykkje støy og er den største utsleppskjelda til mikroplast og lokal luftforureining i Noreg og Sverige. Reise med tog og buss i staden for privatbil reduserer dermed støy og mengda mikroplast i naturen.
Reduserer kø
Det er ikkje berekraftig viss alle skal køyre kvar sin bil til og frå byane i rushtid. Tog og buss erstattar mange hundre bilar, det er meir miljøvennleg og meir effektivt.
Reduserer talet på ulykker
Tunge køyretøy er involvert i mange trafikkulykker i Noreg. Godsverksemda til Vy sparer vegane for ca. 1 250 trailerar kvar dag, og bidreg derfor med trafikktryggleiken på vegane.
Illustrasjon som viser CO₂-utslepp for ulike køyretøy per personkilometer. Fly – 127g, Dieselbil (SUV) – 101g, Dieselbuss – 30g, Elbil (SUV) i Norden – 26g, Elbuss i Norden – 13g, El-tog i Norden – 7g. Kilde: Chalmers tekniska högskola - Metodrapport för Klimatsmartsemester version 4.1 og NHO Transport.
Dette gjer vi for å nå berekraftsmåla våre
Vi arbeider kontinuerleg med større og mindre berekraftstiltak:
Straum frå bremsing
Dei moderne toga våre genererer elektrisk energi når dei bremsar. Bremseenergien blir mata tilbake til kontaktleidningsanlegget og kan difor brukast av andre tog. Typisk 10–20 prosent av den elektriske energien eit moderne tog mottar frå kontaktleidningen blir mata tilbake til straumnettet.
Bussar med fornybart drivstoff
Andelen køyrde kilometer med el i Vy Buss er 14 %, dette svarer til ein auke frå 11,4 mill. km i 2022, til 23,2 mill. km i 2024. 34 % av totalt køyrde km er gjennomført med biogass eller biodiesel.
Miljøvenlege vaskehallar
Sidan 2020 har vi svanemerket tre vaskehallar på Eidsvoll, Hamar og Brumunddal, og vi jobbar for å få endå fleire sertifiserte. Svanemerket stiller strenge krav til vassforbruk og reinsing av avløpsvatnet.
Godsverksemda piloterer ny teknologi
CargoNet jobbar for å tilby stadig meir berekraftig godstransport. i har testa elektrisk nullutslepps løfteutstyr som kan løfta 45 tonn, som første terminaloperatøren i Europa, og voggar for godsfrakt som vanlegvis blir transportert på veg.
Vy satsar på berekraftig reiseliv
Vy satsar på berekraftig, kollektivbasert reiseliv gjennom det deleigde selskapet vårt Fjord Tours Group og Flåmsbana AS. Saman fokuserer vi på å utvikle miljøvenlege, kollektivbaserte reiser til turistar.
Ansvarlege innkjøp og openheitslova
Vy gjennomfører årlege risiko-analysar, i tråd med openheitslova, av miljø, sosiale og etiske forhold i innkjøps-planane våre og avtaleporteføljar. Den viktigaste aktiviteten i 2024 har vore å følgje opp leverandørar innanfor dei identifiserte risikoområda.
Ansvarleg innkjøp og openheitslova
Vi ønskjer å vere ein pådrivar for berekraft i heile anskaffingsprosessen. Gjennom dei etiske krava våre til leverandørar spesifiserer vi krav om at grunnleggjande menneske- og arbeidstakarrettar, miljø og forretningsetikk skal takast hand om i alle anskaffingar og kontraktar.
I innkjøpsstrategien vår er det fastsett mål og spesifikke tiltak for berekraftige innkjøp. Arbeidet med å sikre etterleving av berekraft i leverandørkjeda er ein viktig del av konsernet sitt samfunnsarbeid, og vi jobbar etter OECD sin metode for aktsemdsvurderingar i innkjøpsprosessane våre. Kvart år gjennomfører vi risikoanalysar baserte på innkjøpsplanar til konsernet og forretningsområda, og gjer tiltak ut ifrå risikonivå.
Sikring av arbeidstakar- og menneskerettar står sentralt i arbeidet med berekraft. Dette er viktig både for våre eigne tilsette og for tilsette i leverandørkjeda vår. Vi forpliktar oss til å gjere varsemdvurderingar og setja i verk tiltak der vi finn risiko av betydning, i tråd med openheitslova.
Vy anerkjenner at verksemda vår kan ha potensiell negativ påverknad på menneske, samfunn og miljø. Samtidig ønsker vi å bidra til positiv utvikling i leverandørkjeda vår, og vi ønsker leverandørforhold med leverandørar som viser særleg vilje og evne til å jobba med positiv utvikling i leverandørkjeda.
Vy har i fleire år jobba med ansvarleg verksemd og varetaking av grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i eigen virksomhetet og i leverandørkjedene våre. I 2022 etablerte vi eit rammeverk for varsemdvurderingar i tråd med Openheitslova, og gjennomførte mellom anna ei omfattande kartlegging av risiko i avtaleporteføljen til konsernet. Deretter har arbeidet bestått i å gjennomføre varsemdvurderingar av leverandørkjedene våre og følge opp leverandørar innanfor dei identifiserte risikoområda.
Vy-konsernet har identifisert nokre avtaleområde med særleg høg risiko for brot på menneskerettar og arbeidstakarrettar, som mellom anna kjøp av elektriske bussar, uniform, dekk, IT-utstyr, reinhaldstenester, med fleire.
Døme på risikoar og oppfølging
Hovuddelen av nye elektriske bussar som blir skaffa av Vy buss blir produserte i Kina, både samanstilling, komponentar, råmateriale og batteri. Det er generelt knytt høg risiko for brot på arbeidstakarrettar i Kina, som t.d. til ulike former for tvinga arbeid, arbeidstider og HMS. Vidare finst det rapportar som knyter selskap innan batteri- og elbussbransjen i Kina til Xinjiang-provinsen med høg risiko for brot på menneskerettar til minoritetsbefolkning. Som eit resultat av høg risiko for brot på arbeidstakar- og menneskerettar i produksjon av elektriske bussar, nedlegg Vy buss eit omfattande arbeid over tid i samarbeid med einingar i leverandørkjeda for å unngå, avdekke og forbetre forhold som blir rekna som uanstendige.
Vy har ei konsernfelles avtale for kjøp av uniform. Uniformsplagga blir sett saman i Kina og India. Det er generelt høg risiko for menneskerettsbrot i produksjon av tekstil, og vi gjennomfører jamlege møte med leverandøren vår der vi etterspør informasjon og dokumentasjon av korleis menneskerettar og arbeidstakarrettar blir sikra. Avvik på arbeidstidsreglar vart avdekte gjennom revisjonsrapportar som er mottekne, og desse har vi kravd retta. I tillegg vurderer vi at det finst risiko for brot knytte til lønn, fagorganisering, helse og tryggleik og diskriminering, sjølv om det førebels ikkje er avdekt avvik innan desse områda.
Utgreiing etter Openheitslova
Du kan lesa meir om korleis vi jobbar med Openheitslova og identifiserte risikoområde i forklaringa vår.
- Vygruppas utgreiing for 2025 (PDF)Ekstern lenke
- Vygruppas utgreiing for 2024 (PDF)Ekstern lenke
- Vygruppas utgreiing for 2023 (PDF)Ekstern lenke
- Vygruppas utgreiing for 2022 (PDF)Ekstern lenke
Års- og berekraftsrapportar
Vil du vite meir om berekraftsarbeidet vårt? I års- og berekraftsrapporten vår finn du ei fullstendig oversikt over alle måla og tiltaka våre.

