Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Mista eller gløymt noko?

Det er fort gjort å gå frå tinga sine på toget eller bussen. Her får du vite kva du kan gjere og korleis du kontaktar oss om hittegods.

Gløymt noko på toget eller togstasjonen?

Ser du ei oppføring der som stemmer med det du har mista, kan du gjere krav på gjenstanden. Vi behandlar informasjonen din, og stadfestar eller avkreftar om gjenstanden er din.

Om du ikkje ser noko som stemmer overeins med det du har mista, kan du enten søkje på nytt seinare, eller lage ei etterlysing i systemet. Du vil då bli kontakta om eigendelen din blir funnen.

Kva skjer med hittegodset?

Gjenstandar som hamnar på hittegodskontoret blir lagra i ein månad. Unntaket er fersk mat – det kan vi ikkje lagre. Alt som leverast til hittegodskontoret registrerast i eit datasystem. Verdisaker som pass og lommebøker blir sende vidare til politiet innan to veker. Attgløymde PC-ar og annan elektronikk blir destruert etter ein månad.

Om ingen etterlyser hittegodset eller gjer krav på det, så gjev vi det til velgjerande føremål (gjeld berre hittegods på tog).

Merk at det kan ta opptil sju dagar før hittegods kjem inn på hittegodskontora.

Hittegodskontora for tog (gjeld også buss for tog)

Her ser du hittegodskontora for Vy sine togstrekningar. Kontaktinformasjon for strekningane til SJ NORD og Go-Ahead finn du på deira eigne nettsider.

Gløymt noko på bussen?

Det er fort gjort å gløyme igjen noko på bussen, men ta kontakt så hjelper vi deg så fort vi kan.

Kontakt oss om hittegods på buss

Skadd eller stolen bagasje

Har du vore uheldig og skadd bagasjen din etter å ha reist med oss, rår vi til at du brukar reiseforsikringa di. Det same gjeld om du har blitt fråstole bagasjen din. Ved tjuveri rår vi i tillegg til at du melder dette til politiet.

illustrasjon av mann og kvinne med hver sin koffert, og mann på rullestol i et by landskapillustrasjon av mann og kvinne med hver sin koffert, og mann på rullestol i et by landskap

Sjå også: