Togstasjonar
På dei betente stasjonane, Oslo S, Oslo Lufthavn og Bergen, kan du få hjelp til å planlegge reisa di hos kundeservice.

Bergen stasjon med den karakteristiske grå fasaden sin. Foto: Christine Baglo - Visit Norway
Oslo Sentralstasjon (Oslo S)
Oslo S er ein betent stasjon i hjartet av Oslo sentrum med enkel overgang til andre transportmiddel. Her finn du ei rekkje serveringstilbod, venterom, bagasjeoppbevaring, kundeservice og meir.
Bergen stasjon
Bergen stasjon er ein betent stasjon og ligg midt i sentrum, og du kjem deg raskt til busstasjonen, taxihaldeplass og parkeringshus. Dette er endestasjonen for Bergensbanen, og her finn du kundeservice, bagasjeoppbevaring, hittegods mm.
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Stasjonen på Oslo lufthamn Gardermoen er betent og her finn du kundeservice med billettsal:
I tillegg har stasjonen billettautomatar. Opningstidene kan bli endra ved høgtider og i sommarferieperioden. Stasjonen ligg på flyplassen med tilgang til venterom, toalett mm.
Myrdal stasjon (på Bergensbanen)
Myrdal stasjon er eit av stoppa på Bergensbanen, og her kan du byte til Flåmsbana, ei av dei vakraste togreisene i verda.
Voss stasjon (på Bergensbanen)
Voss stasjon ligg sentralt i Voss og har venterom, bagasjeoppbevaring, turistinformasjon mm.