Kvifor slit toga i kulda?
Vinteren byr på store utfordringar for togtrafikken. Snø, is og kulde påverkar både toga og infrastrukturen. Her får du vite kvifor vinteren gjer det ekstra krevjande å halde toga i rute.

Is på koplingane gjer det vanskeleg å kople togsetta saman.
Kvifor gjer kulde og snø det vanskeleg?
Det er lett å tenkje at noko som køyrer på skjener, burde «gå på skjener», men divere er det ikkje alltid slik det er. Her er nokre av årsakene til at ikkje alle toga køyrer i rute for tida:
- Når toga køyrer både gjennom varme tunnelar og kalde landskap, gjer dei store temperaturforskjellane at snø på toga blir til is.
- Det dannar seg mykje is på koplingane mellom toga, og då får vi problem med å kople fleire togsett saman. Då vel vi å køyre fleire avgangar med enkeltsett i staden for å innstille tog, sjølv om det blir trongare om bord.
- Når toga køyrer, dannar det seg is, og vi har opplevd at isklumpar har falle av det fremste togsettet og knust frontrutene på togsettet bak. Då må togsettet sendast på verkstad.
- Ville dyr trekkjer i større grad til togskjenene når det er for djup snø for dei i skogen. Det fører diverre til fleire dyrepåkøyringar, som også gjer at toga må reparerast og takast ut av trafikk.
- Store snømengder pakkar seg i alle holrom på toget. Dette er spesielt utfordrande rundt dørene. Difor køyrer vi tog der nokre av dørene er stengde, og i fleire tilfelle har vi blitt nøydde til å ta tog ut av trafikk fordi dørene blir øydelagde av snø og is.
- Vedlikehald tar lenger tid enn vanleg i kulda fordi komponentar må tine. Då aukar køane på verkstadene, og fleire togsett blir utilgjengelege.
- Dei eldste toga er mest utsette for problem på grunn av snø og kulde. Difor opplever passasjerane på L1 (Spikkestad–Lillestrøm) og L2 (Ski–Stabekk) flest konsekvensar med færre tog, men det kan også vere færre vogner eller innstillingar på andre linjer. I tillegg til problem med sjølve toga, påverkar også snø og kulde infrastrukturen, noko som mellom anna fører til feil på sporvekslar og signal.
Tips til deg som skal reise
- Sjekk reisesøket i Vy-appen eller på vy.no før reisa, så er du oppdatert på eventuelle endringar eller forseinkingar på avgangen din.
- Skru på varsel i Vy-appen. Då kan vi sende deg eit varsel om ei strekning blir stengd eller om toget ditt blir forseinka, innstilt eller køyrer frå eit anna spor. Gå til Varslingar i menyen for å setje opp faste varsel.