Ta toget til hytta - med gratis buss
Skal du bu på Voss Resort eller har hytte i Bavallen, Tråstølen eller Myrkdalen, er det no superenkelt å reise kollektivt omtrent heilt fram til døra.

Foto: Karoline Fosse
Smidig overgang mellom Vossebanen og hyttebussen
No kjem du deg enkelt opp til hytta frå Voss sentrum og med Vossebanen. Om du reiser frå Bergen, Arna, Dale – eller nokre andre av stasjonane våre langs Vossebanen, er det berre å hoppe på toget og byte til hyttebussen på Voss. Hyttebussen er heilt gratis.
Bavallen – Tråstølen – Voss Resort
Skal du til Bavallen, Tråstølen eller Voss Resort, treng du ikkje å bestille billett på førehand. Avgangstidene klaffar med innkomst med Vossebanen. Bussen køyrer frå Voss stasjon torsdagar og fredagar, og i retur på søndagar.
Myrkdalen
Myrkdalen har no eit omfattande busstilbod, der skibussen er eit av fleire alternativ. Hugs å bestille (gratis-)billett før du går om bord. I Myrkdalen går det buss ned til Vinje kvar laurdag, dersom du skal handle.
Parker bilen og ta toget
Med enkel overgang mellom toget og bussen, ligg alt til rette for at du kan setje igjen bilen heime og heller slappe av om bord i toget. Med toget slepp du å bekymre deg for glatte vegar og dårleg sikt. Set frå deg bagasjen og finn roa i ditt eige sete, medan du nyt den formidable utsikta langs Vossebanen.
God plass til bagasje
Om bord i toget har vi mange område der du kan setje frå deg bagasje – enten det er bag, trillekoffert, ski eller snøbrett. Dyr er også velkomne.
Opptil 75 % rabatt på togbillettar
Reiser du med oss, får barn alltid 75 % rabatt på ordinære billettar. Prisen gjeld heilt til dei har fylt 18 år. Studentar under 30 år får 50 % rabatt.
Eit grønt samarbeid
Hardanger og Voss næringshage lanserer no eit større mobilitetsprosjekt i lag med Voss herad, Vy, Norway's Best og Voss Resort. Prosjektet har fått namnet Grøn mobilitet, og er startskotet for å løyse nokre sentrale transportutfordringar vinterstid på Voss.