Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Buss mellom Oslo og Arendal (Harebakken)

Med Vy express kan du reise behageleg med buss mellom Oslo og Arendal, og med god planlegging kan du sikre deg dei billigaste billettane.

Seglbåtar i hamna i Arendal ein sommardag

Foto: Flickr – Mona Hauglid

Ei behageleg og miljøvennleg reise mellom Oslo og Arendal

Bussturenmellom Oslo og Arendal tek rundt 3 timar og 20 minutt, og vi har fleire avgangar dagleg. Det er dobbeldekkere på alle avgangane, og det er gratis wifi og lademoglegheiter om bord. Om bord på bussane våre finn du også toalett og klimaanlegg for behageleg temperatur.

Len deg tilbake, les ei bok eller sjekk ut fordelsprogrammet vårt, Grøn Reise, i Vy-appen. Der finn du både magasin, aviser og lydbøker til reisa mellom Oslo og Arendal.

Kjøp billettar på førehand og reservar sete

Bussen stoppar berre om du har kjøpt billett på førehand. Dette gjeld dei fleste busshaldeplassane mellom Oslo og Arendal. Vi tilrår å bestille billett tidleg. Då kan du få tak i dei rimelegaste billettane, og du får plassgaranti og høve til å reservere sete. Reserverer du sete i toppetasjen, kan du sikre deg eit ekstra breitt sete med endå betre beinplass og komfort. Om du i tillegg vel eit sete fremst i andre etasje får du også fin panaromautsikt på turen.

Når du tek buss med Vy til Arendal, kjem du til ved Harebakken bussterminal. Herfrå er det berre få minutt med lokalbuss inn til Arendal bussterminal.

Velkommen om bord!