Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Kor mykje bagasje kan eg ta med på bussen?

I tillegg til handbagasje kan du ta med gratis inntil to stykk bagasje som blir plassert i bagasjerommet til bussen. Maksimale mål og vekt per kolli er høgd+lengd+djupn=175 cm/23 kg. Håndbagasjen må få plass under setet.

Du må pakke all bagasje godt slik at han ikkje øydelegg annan bagasje. Sjåføren kan avslå å ta med bagasje dersom han ikkje er forsvarleg pakka. Du må merke all bagasje med namn og telefonnummer.

Treng du meir bagasje?

Førehandskjøpar du billett, kan du leggje til meir bagasje før du betaler. Kjøpar du billett på bussen betaler du der og då for det du har med deg utover det som er inkludert i billettprisen.

Svenske linjer

På strekningar som blir køyrde av Vy Travel AB i Sverige (Oslo–Gøteborg/København/Stockholm) kan du ha med éin bagasje i tillegg til handbagasje.