Eg har ein sykkel litt utanom det vanlege. Kva reglar gjeld då? (til dømes tandemsykkel, el-sykkel, Christianiasykkel, Fatbike)
Generelt
Sykkelen må kunne hengjast opp på krokane i godsrommet, det vil seie at maks lengde kan vere 175 cm. Maks dekkdiameter 5 cm.
Tandemsykkel
- Kan som hovudregel ikkje takast med om bord.
- Det finst to unntak: Flåmsbanen (her bør du gje frå deg sykkelen så tidleg som mogleg i Flåm slik at han kan bli sendt med tidlegare tog), og Bergensbanen som har eigne avgangar med sykkelvogner om sommaren. Du betaler kun ein sykkelbillett per tandemsykkel.
El-sykkel
- Same reglar som vanleg sykkel.
- Litium-ion batteri må takast av sykkelen og leggast i handbagasjen, men skal ikkje ladast om bord i toget.
- El-sykkelen skal vere tydeleg merkt med namn på produsenten, typenemning og fabrikasjonsnummer. Merkinga skal vere plassert og utført slik at ho er godt synleg.
Christianiasykkel/lastesykkel
Ikkje tillate om bord.
Handsykkel
Samanleggbar sykkel
Kan takast med som handbagasje utan ekstra betaling. Vilkåret er at han er samanlagt og kan plasserast utan hinder for andre kundar og passasje i/gjennom vognene. Han må plasserast eller emballerast slik at olje og skit frå hjul og kjede ikkje øydelegg sete, innreiing i toga eller klede eller bagasje til andre kundar.
Sykkel i koffert
Kan takast med etter reglane for vanleg bagasje om han ikkje tek for mykje plass. Sykkelkoffertar varierer veldig i storleik, og dei fleste sykkelkoffertar er for store til bagasjehyller eller hattehyller og vil sperre midtgangen. Desse kan ikkje takast med.
Sparkesykkel
Sparkesyklar og små syklar til førskolebarn blir rekna som ordinær bagasje og kan såleis takast med gratis.
- Sparkesykkel kan takast med på toget dersom den vert plassert slik at den ikkje hindrar konduktør eller andre reisande og gjer det mogleg å passere gjennom vognene. Sparkesykkel skal ikkje plasserast på bagasje-/hattehylle. Den må og plasserast eller pakkast inn slik at olje og skit frå hjul ikkje øydelegg seter, innreiing i toget eller andre reisande sine kle eller bagasje. Konduktøren avgjer om sparkesykkelen kan takast om bord i toget. Alle andre typar sparkesyklar som ikkje oppfyller desse krava, handterast som ståhjuling.
- Sparkesykkel med fire hjul frå Hjelpemiddelsentralen kan takast med som normal sykkel på tog med plassbestilling, men det kan vere han må leggjast saman. På tog utan plassbestilling er det konduktøren som avgjer om sykkelen kan bli med.
- Litium-ion batteri som brukast i el-sparkesyklar skal ikkje ladast om bord i tog.
Mopedar og motorsyklar
Kan ikkje takast med i toga våre. Dette gjeld også elektriske mopedar, skuterar og el-skuterar.
Ståhjulingar (til dømes Segway)
Ståhjuling, som til dømes Segway, er berre mogleg å ta med på Bergensbanen. Du må reservere sykkelplass, og då får ståhjulingen eigen plass i eigna godsrom for sykkel. Ta kontakt med kundeservice god tid før reisa dersom du vil at vi skal sjekka om tohjulingen kan bli med på toget.
Litium-ion batteri som brukast i el-syklar og andre små elektriske køyretøy skal ikkje ladast om bord i tog.