Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Er det internett om bord?

Vi tilbyr gratis trådlaust internett om bord på regionstoga og dei fleste lokaltog. Unntaka er enkelte lokaltog (Ski–Oslo S, Spikkestad–Asker–Lillestrøm og Stabekk–Moss), tog på Bratsbergbanen og Bergensbanen.

Slik får du tilgang til internett

For å få tilgang til tenesta koplar du deg opp via det trådlause nettverket Vy-wifi eller NSB_Interaktiv. Klikk deretter «Logg på»-knappen. Du treng ikkje å registrere deg eller skrive inn brukarnamn og passord.

Vi kan ikkje garantere stabil dekning

Du kan oppleve at dekninga om bord er ustabil på delar av strekninga, spesielt i tunnelar og djupe dalar. Som eitt alternativ kan du nytta privat mobilnett (4G) via eigen telefon. Dersom du framleis opplever ustabilt internett så kjem det av mangelfull dekning langs strekninga du reiser. Ønsker du å jobbe eller sjå filmar på reisa tilrår vi at du lastar ned dokument og innhald før reisa startar.

Bane Nor jobbar med å utbetre mobil- og breibandsdekning i tunnelar rundt om i Noreg. Som eit resultat av dette vil også kvaliteten på internett langs enkelte strekningar bli betre og meir stabil på lengre sikt.