Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Kan eg ha med barnevogn på toget?

Du kan ta med éi barnevogn pr. vaksen – heilt gratis. Det er barnevognplassar i alle tog og du kan ha med deg éi samanslått barnevogn som bagasje. Hugs å bestille barnevognplass på førehand for reiser med Bergensbanen.

Kor mange ledige barnevognplassar som finst er avhengig av talet på reisande, rullestolar og barnevogner om bord, sidan vi må passe på framkomma. Personalet på toget tek avgjerda om det er plass til fleire barnevogner om bord.

Barnevognplass på Bergensbanen

For å reservere plass til vogna, vel «barnevognplass» som tilleggsval når du kjøper billett. Dette tilleggsvalet er gratis. Du er då garantert plass til barnevogna, og sit sjølv heilt i nærleiken, føresett at du har reservert sete. Berre éin voksen kan sitte ved barnevogna, andre reisande sit i nærleiken.

Det er ikkje nødvendig å bestille sitteplass til barnet viss barnet skal vere i barnevogna under reisa. Viss barnet skal ha eige sete, hugs å legge til barnet som reisande når du bestiller billetten.