Kan eg ha med kjæledyr på toget?
Du kan ta med akvariefisk så lenge dei er forsvarleg pakka. Andre dyr er ikkje ønskt på toget. Døme på dyr som ikkje er ønskt er insekt, edderkoppar, krypdyr/reptil og amfibium.
Hunder og andre dyr kan ikkje takast med på Sove, Pluss, kaféen, familievogn og i dyrefri sone. Det er unntak for førarhund og servicehund som er tillaten i Sove og i familievogn i tilknyting til bestilt rullestolplass.
Merk: Ved alternativ transport/buss for tog, kan vi dessverre ikkje garantere plass til kjæledyr. I desse tilfella kan det bli ekstra ventetid på annan transport.
Plass om bord
På Bergensbanen er det berre nokre få plassar for kjæledyr på kvar togreise. Plassane finst i eigne merka område og det kan derfor vere fleire dyr der samtidig.
Når du kjøper billett kan du reservere plass/kjøpe billett til eitt kjæledyr pr. reisande. På lokaltog og regionstog i vogner utan plassreservasjon, kan du ta med to mindre kjæledyr pr. reisande. Det er personalet på toget som avgjer om det er plass til fleire kjæledyr om bord. Sjå etter merke på døra for vogner som er tilpassa dyr.
Kjæledyr skal ikkje sitte i setet, men må ligge på golvet. Dette gjeld både store og små kjæledyr og i tog med og utan setereservasjon. På lengre reiser tilrår vi at du tek med eit sklisikkert teppe som dyret kan ligge eller sitte på, då golvet om bord er glatt.
Billett for kjæledyr
For kjæledyr med skulderhøgd over 40 cm, er prisen 50 prosent av ein ordinær vaksenbillett. Ved behov kan du kjøpe periodebillett med studentrabatt til kjæledyret. På Bergensbanen får du tildelt eit ekstra sete slik at dyret kan vere på golvet ved vindauget, medan du sit i setet ved midtgangen.
Kjæledyr med skulderhøgd under 40 cm reiser gratis saman med deg. Dyret må vere på golvet ved føtene dine og du får ikkje eit ekstra sete. Viss du reiser med Bergensbanen og ønsker eit ekstra sete for meir golvplass, kan du kjøpe ein kjæledyrbillet sjølv om dyret har skulderhøgd under 40 cm.
Førerhund og servicehund
Førerhund for blinde og svaksynte, og servicehund som har offentleg godkjenning, reiser gratis når han er i teneste. Dette føreset at førarhunden er utstyrt med sele og handtak for den svaksynte. Servicehunden må ha på seg vesten sin, slik at konduktøren ser at hunden er i teneste.
Dersom førarhunden skal takast med på tog med setereservasjon, må billett (gratis) bestillast på førehand via kundeservice. For tog utan plassregulering er det ikkje nødvendig å bestilla billett til hunden på førehand.
Hunder frå Norske Redningshunder
Hunder som blir trena i Norske Redningshunder og skal på kurs eller er i teneste, reiser gratis. Det vil seie når han er merkt med merketrekant. Gyldig medlemskontingent i Norske Redningshunder må også leggast fram.
Reise med dyr til eller frå Sverige
Vi gjer merksam på at dersom du skal reise til eller frå Sverige med dyr, er det viktig at du på førehand set deg godt inn i reglane til tollvesenet slik at du unngår at dyret blir sett i karantene.