Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Kan eg ha med elektriske køyretøy? (Segway, sparkesykkel, o.l.)

Større tohjulingar som Segway, store elsparkesyklar, elscooter o.l. er berre mogleg å ta med på Bergensbanen. Du må reservere sykkelplass, og då får tohjulingen eigen plass i eigna godsrom for sykkel. Ta kontakt med kundeservice god tid før reisa dersom du vil at vi skal sjekke om tohjulingen kan bli med på toget.

Du kan ta med mindre einhjulingar og ståbrett, elektrisk rullebrett og elektrisk sparkesykkel viss dei blir plasserte utan hinder for konduktør, andre reisande og passasje i/gjennom vognene. Slike små køyretøy skal ikkje plasserast på bagasje/hattehylle. Dei må også plasserast eller blir emballerte slik at olje og skitt frå hjul ikkje øydelegg sete, innreiing i toga eller andre reisandes klede eller bagasje.

Konduktøren avgjer om køyretøyet kan takast med om bord i toget.

Litium-ion batteri som blir nytta i små elektriske køyretøy skal ikkje ladast om bord i toget.

Små elektriske køyretøy skal vere tydeleg merka med namnet, typenemninga og fabrikasjonsnummeret til produsenten. Merkinga skal vere plassert og utført slik at det er godt synleg.