Kan eg reservere sete når eg byter tog undervegs på reisa?
Periodebillett med setereservasjon er lagt opp slik at du kan bestille sete til og frå reisedestinasjonen din sjølv om du byter tog undervegs, og du på delar av reisa køyrer med tog som ikkje har setereservasjon (lokaltog). Det betyr at sjølv om du er på eit tog utan setereservasjon når du startar reisa, kan du likevel kan booke sete på den delen av reisa der setereservasjon er tilgjengelig.
Slik gjer du det:
I appen vel du staden du skal reise frå og til. Har du periodebillett frå t.d. Lysaker til Fredrikstad, vel du samanhengande reise frå Lysaker til Fredrikstad i appen din.
På framsida av billetten din vil du sjå at det er fritt seteval på delar av strekninga, i dette tilfellet mellom Lysaker og Oslo, og at det er setereservasjon på delar av strekninga, som her er Oslo til Fredrikstad. Deretter reserverer du sete på den delen av reisestrekninga der dette er mogleg, som i dette eksempelet er Oslo til Fredrikstad.
Ver merksam på at du må bestille setereservasjonen før avgangen til toget, for at reservasjonen skal være tilgjengeleg på reisa di. Derfor må setet reserverast allereie når du startar reisa di med lokaltoget, du kan ikkje booke sete når du byter til toget med setereservasjon.
På den delen av reisa det ikkje er setereservasjon, er du fri til å velje avgang. Det betyr at du i dette eksempelet kan velje kva lokaltog du ynskjer å ta frå Lysaker til Oslo, før du set deg på toget med setereservasjon frå Oslo S til Fredrikstad.