Kor mange dagar fram i tid kan eg reservere for?
Dersom du har ein periodebillett med setereservasjon i 7 eller 30 dagar, kan du reservere sete på dei avgangane du vil gjennom heile perioda billetten er gyldig. Har du ein periodebillett som varer i 365 dagar, kan du reservere sete heilt til 31 dagar fram i tid.
Du må velje sete manuelt for kvar avgang du ynskjer å reise med. Du vel sjølv om du vil gå inn i appen for å reservere eit sete kvar gong du skal reise, eller om du vil gjennomføre reservasjonsjobben samtidig for fleire avgangar fram i tid.
I Vy-appen kan du endre og kansellere sete du har reservert.
Som pendlar får du ein meir føreseieleg kvardag, der du kan planlegge reisevegen til og frå jobb fleire veker fram i tid.