Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Kor mange reservasjonar kan eg ha per dag?

Du kan ha to aktive setereservasjonar per dag i ulik retning. Det betyr at du dagleg kan reservere sete både til og frå reisedestinasjonen din.

Avgrensinga på to reservasjonar er der for å hindre at nokon heilgarderer seg og reserverer på fleire ulike avgangar i same retning, for så å bruke berre ein av dei – og dermed bidra til at sete står ubrukte.

Setereservasjonen din er ikkje lenger aktiv når du er framme ved destinasjonen, og då kan reservere sete for den same strekninga på nytt.