Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Korleis er tilgjengelegheita om bord på toget?

Det finst heis og festeanordningar for stolen, og på alle regionstog og fjerntog er det også handikaptoalett. Eldre tog har tilgang på ramper og skjener, slik at det er større behov for assistanse ved av- og påstiging.

I dei nye og dei fleste gamle toga våre finst det plassar som er primært for reisande med redusert mobilitet – desse er merkte med symbol. Dette kan til dømes vere reisande med rørsleproblem, eldre, kortvaksne/barn, gravide, vaksne med små barn, synshemma, osb. Dersom ein ser at nokon har ekstra behov for å sitte, blir du oppmoda til å gi frå deg setet ditt. Denne oppmodinga gjeld berre i tog utan setereservasjon.