Korleis tek eg med sykkelen om bord?
Du må reise med det same toget som sykkelen, plassere sykkelen på tilvist plass i vogn eller godsrom og hente han når du kjem fram. Personalet om bord hjelper gjerne til. Sykkelen skal vere ulåst og utan bagasje.
Du kan ta med samanleggbar sykkel som handbagasje utan ekstra betaling. Vilkåret er at den samanleggbare sykkelen er samanlagt og kan plasserast utan hinder for andre kundar og passasje i/gjennom vognene. Han må plasserast eller emballerast slik at olje og skit frå hjul og kjede ikkje øydelegg sete, innreiing i toga eller klede eller bagasje til andre reisande.
På el-sykkel må batteriet takast av og leggast i bagasjen.