Ingen resultat
Kva er fordelen med å ha periodebillett i appen?
- Du kan kjøpe alle periodebillettar i appen. I tillegg er det mogleg å få kjøpt rabatterte overgangsbillettar til ulike takstområde som Ruter, Brakar, Østfold og VKT.
- Du har større kontroll ved at du sjølv bestemmer når periodebilletten skal gjelde frå (til dømes måndag morgon kl. 07:00).
- Du er ikkje avhengig av å måtte gå innom ein kortlesar eller billettautomat for å aktivere billetten. Det gjer du sjølv.
- Hugs at du kan sette opp pushvarsling på favorittstrekninga di under «Profil – Reisepreferansar – Varslingar», så får du beskjed om eventuelle endringar for reisa di.