Kva meiner vi med gyldig billett?
Som brukar av elektroniske billettar har du sjølv ansvaret for å sjekke at billetten din er gyldig før du går om bord i toget.
Merk! Om du kjøper mobilbillett til ein spesifikk avgang, er det ikkje mogleg å bruke denne på andre avgangar.
Skjermen må vere leseleg og du må ha nok batteri på mobilen/nettbrettet til heile reisa.
Om du har kjøpt billett til andre med mobilen din, er det du som disponerer billettane. Mobilen din må difor vere tilgjengeleg for reisefølgjet ditt ved kontroll.