Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Kvifor er det så fullt på toget?

I rushtidene er alt vi har av tilgjengeleg materiell i bruk. Vi prøver å matcha etterspurnaden med «rett» kapasitet så langt det lèt seg gjere, likevel er det ikkje mogleg å tilby sitteplassar til alle.

Det kan likevel vere mange grunnar til at eit tog er veldig fullt. Til dømes om ein tidlegare avgang vart forseinka eller innstilt kan det føre til at neste tog vil ha fleire passasjerar enn vanleg. Nokre gonger kan det også vera uventa hendingar som gjer at vi ikkje kan køyre med det planlagde talet på togsett eller vogner.

Er det trygt å reise når toget er fullt?

Ja, det er trygt. Tryggleik er svært viktig for oss, og vi gjer ingenting som går ut over tryggleiken. At det er fleire passasjerar enn det er sitjeplassar utgjer ikkje ein tryggingsrisiko i seg sjølv. Heller ikkje at det er trongt å stå. Toga kan ha minst like mange ståande som sitjande passasjerar, og dette påverkar ikkje bremsesystemet, bereevne eller evakuering i ein nødsituasjon.