Ingen resultat
Kan eg ha med barnevogn på toget?
Ja, du kan ta med éi barnevogn pr. vaksen – heilt gratis.
Om bord på toga
- Det er barnevognplassar i alle tog. Sjå etter barnevognmerket når du går om bord.
- Du kan og ha med deg éi samanslått barnevogn som bagasje.
- Kor mange ledige barnevognplassar som finst er avhengig av talet på reisande, rullestolar og barnevogner om bord.
- Togpersonalet avgjer om det er plass til fleire barnevogner, slik at framkome og tryggleik blir tekne vare på.
Viss du har setereservasjon
- Barnevogna må slåast saman og plasserast slik at ho ikkje blokkerer rømningsvegar.
- Har du ei barnevogn som ikkje kan slåast saman, må du reise i ei vogn utan setereservasjon. Sjå etter barnevognmerket når du går om bord.
Barnevognplass på Bergensbanen
Barnevognplass på Bergensbanen
- For å reservere plass til vogna, vel «Barnevogn» som tilleggsval når du kjøper billett. Reservasjonen er gratis.
- Med reservasjon er du garantert plass til barnevogna, og du sit sjølv heilt i nærleiken.
- Berre éin voksen kan sitte ved barnevogna, andre reisande sit i nærleiken.
Må barnet ha eiga billett på Bergensbanen?
- Viss barnet skal vere i barnevogna under reisa, er det ikkje nødvendig å bestille sitteplass til barnet.
- Viss barnet skal ha eige sete, hugs å legge til barnet som reisande når du bestiller billetten.