Vy driv jo med tog og buss. Kvifor har de byrja å tilby taxi?
Vi jobbar for å gjere det enkelt å reise miljøvenleg og å leve utan din eigen bil. For å kunne ta deg dit du vil, frå dør til dør, er det innimellom praktisk å bruke taxi. Nokre gongar kan det vere at du har for mykje bagasje å drasse på, eller at du ikkje rekk siste avgang med kollektivtransport. I tillegg er det ikkje alle stader det er eit alternativ til bil eller taxi for å kome seg raskt frå A til B.
Tanken vår er at taxi kan vere eit supplement til tog og buss, slik at du enkelt skal kunne kome deg til og frå kollektivknutepunkt. Vi jobbar med å vidareutvikle taxitenesta vår, slik at du kan kjøpe taxituren samstundes som du kjøper tog- eller bussbilletten.