Ny funksjonalitet i appen
Vi jobbar alltid med Vy-appen! Her oppdaterer vi deg på nye funksjonar, større oppdateringar, og forbetringar du har ønskt deg. Noko er fiksa. Noko er heilt nytt. Noko er på veg. Alt for å gjere reisa di enklare, smartare og litt meir inspirerande.
Mørk modus i Vy-appen
Vi har lytta til tilbakemeldingane frå brukarane våre, og no har vi lansert mørk modus i Vy-appen!
Dette gir ei meir behageleg oppleving, spesielt i mørke omgivnader, og er eit viktig steg for betre universell utforming og valfridom.
Kva betyr dette?
- Som bruker kan du sjølv velje lys eller mørk visning i appen.
- Mørk modus følgjer systeminnstillingane på mobilen, men kan også justerast manuelt i appen.
- Du kan slå på mørk modus ved å gå til Profil - Innstillingar og vel Fargemodus.
Vi håpar dette til gi deg ei endå betre reiseoppleving.

Setereservasjon på enkeltreiser med Periodebillett
No kan du reservere sete dag for dag med periodebillett. Reservar sete dei dagane du treng det, om det berre er nokre dagar, eller heile perioden.
I periodebilletten din kan du enkelt reservere sete, og setekartet viser kvar det er ledig.

Tilpass pushvarsel
Tilpass varsla sånn at dei passar akkurat deg. Du kan tilpasse tidspunkt og dagar for når toga går som du ønskjer varslar om.
For å tilpassa eller oppretta varsel, gå til Profil og trykk på Reisepreferanser. Vel Varslinger og opprett og tilpass varsel som du vil.
