Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Fem reisetips til Bergen by

Klar for å utforske Bergen By? Ta Vy express eller Bergensbanen til den flotte byen mellom fjella og nyt ei helg med dei beste tipsa våre til Bergen. Her får du ein ferdig helgeplan til kafear, restaurantar og attraksjonar du bør sjekke ut i løpet av besøket.

Tre fine hotell til budsjettet ditt

Skal du bruke tid til å bli godt kjent med den herlege vestlandsbyen, er det godt å ha ein fin stad å vere nokre netter. Her har vi testa ut tre ulike hotell til tre ulike prisklassar, for deg som held deg til budsjett, likar det vesle ekstra og deg som verkeleg likar ekstra luksus.

Zander K

Rett ved både tog- og busstasjonen, finn du Zander K. Det er billegast og ligg absolutt nærast, perfekt når du ikkje vil slepe med deg bagasjen langt. Her får du det du treng, når hovudfokuset er å vere ute på farten. Romma er i skandinavisk stil, sengene gode og frokostbuffeten heilt nydeleg med godt utval.

Bordsetjing hos Zander K Hotel.
Zander K
Zander K

Hotell Zander K

Charmante Skostredet Hôtell

Eit stykke lenger opp i gata finn du dette uvanlege hotellet. Charmante Skostredet Hôtell er for deg som elskar detaljar, gjennomtenkt interiørdesign og maksimalisme.

Charmante Skostredet Hotell
Charmante Skostredet Hotell
Charmante Skostredet Hotell
Charmante Skostredet Hotell

Charmante Skostredet Hôtell

Hotell Opus XIV

Hotell Opus XIV
Hotell Opus XIV
Hotell Opus XIV

Restaurantar som er verd å utforske i Bergen

Hoggorm: Bergens mest populære pizza

Denne pizzarestauranten ligg like ved Lille Lungegårdsvannet, ganske så sentralt. Her vel ein mellom kvit og raud pizza. Dei har dei originale variantane som pepperoni og margherita, og nokre spanande variantar som ndjua, villreker og bisque eller shiitake bratwurst og rapini. Pizzaane er store porsjonspizzaar og kostar mellom 270-300 kronar.

TempoTempo: Fine dining til overkomelege prisar

På denne perla i byen får du godt samansette retter til ein grei penge. Perfekt om ein vil kose seg litt ekstra ein kveld. Dette er ein type fine dining, men for hipsterar. Det er avslappa stemning, stort luftig lokale med dempa lys og møblert med vintage-møblar. Ein stad ein kan kose seg lenge.

Banzha: Smaksrik oppleving frå Yunnan

Kogi: Autentisk Koreansk BBQ

Ein asiatisk himmel for deg som set pris på mykje smak og ein heil kveld rundt middagsbordet. På Kogi grillar du maten sjølv, dersom du bestiller hot pot eller rettar frå deira koreanske BBQ som blir servert med tradisjonelle siderettar. Her kan du prøve ut kjøt som bulgogi, iberico, eller wagyu. Dei har også autentiske rettar som suppe, ris- og nudelrettar. Prisane varierer frå 255–750 kroner, der det dyraste er wagyu og setmenyar.

Lokale med raudt golv og barkrakkar og sitjeplassar ved vindauget.
Bordet er dekt med smaksrike rettar.
Tempo Tempo
Hoggorm pizza
Kogi

Daily Pot: Suppekjøken med råvarene i sesongen

Lyst på varm lunsj, eller ein litt lett middag? Då er Daily Pot den perfekte staden. Her serverer dei eit godt utval varme supper, bowls, sandwichar og nokre søte kaker. Her er det også gode alternativ for den som et vegetar eller vegansk. Her ligg rettane mellom 149–209 kroner.

Trekroneren: Ikonisk pølsebu

Bergen brunsj: Fargerike brunsjplankar

Hos Bergen Brunsj serverer dei brunsj inspirert av stadar på bokstaven B! Her ventar fargerike og spanande brunsjplankar frå Bali, Bahia Blanca og såklart; Bergen. De serverer også smørbrød og belgisk vaffel med fritert kylling og éin type salat. På drikkemenyen finn du alt frå herleg og frisk juice og brus til smakfulle og spanande mocktails. Prisane her ligg mellom 265–335 kroner.

Daily Pot
Rettar servert på fjøl dekkjer bordet hos Bergen Brunsj.
Hyggjeleg lokale med grøne plantar og komfortable stolar i tre.

Attraksjonar du bør sjekke ut

Fløyfjellet: Eitt av dei sju fjella

Fløistuen Café: Nydeleg bakverk

Naturhistorisk Museum

Kode

Utsikt frå Fløyenfjellet.
Kaffi, kaker og bollar på blå *tallerkner på ein piknikbenk.
Naturhistorisk museum
Naturhistorisk museum

Vakn opp til Bergen med tog eller buss

Nattoget til Bergen er eit rimeleg og tidssparande alternativ som kan passe godt om ein drar ein fredag kveld. Då får ein heile helga til å utforske Bergen by. Vy har fleire alternativ til reise om natta, du kan bestille Plussnatt, Sove eller Hvile med tog, eller nattbuss VY450 frå Oslo til Bergen i dobbeldekkar. PS: reiser du om natta, sparar du også pengar på hotell.

Buss i landskap med hvite fjelltopper.
Bergensbanen over vestlandslandskap.
Utsikt over Bergen fra Fløyfjellet.