Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Guide til Myrdal

Ønskjer du ein tur i høgda? Langt oppe i den norske fjellheimen, på 866,8 moh., ligg denne jernbanestasjonen i einsam majestet. Han er eit knutepunkt mellom Bergensbanen og den vidgjetne Flåmsbana.

Snør på deg turskoa, leig ein sykkel og gi turlysta næring i praktfulle fjell, dalar og vidare. Etter turen kan du slappe av og overnatte på eit triveleg hotell – før ein ny dag med opplevingar ventar.

Er du klar? La reisa byrje og finn ut kva du kan gjere i Myrdal.

Bilde av grønn natur og fjell, tatt langs side av et grønt tog.
Foto: norwaysbest.com/Sverre Hjørnevik

Slik kjem du deg til Myrdal

Hopp på Bergensbanen frå Bergen stasjon til Myrdal stasjon og reis i to timar, medan du slappar av og ser ut over det rolege Evangervatnet. Reiser du med Bergensbanen frå Oslo til Myrdal tek turen om lag fem timar – men du skulle kanskje ønskje det tok lenger når du ser den vakre naturen som susar forbi. Undervegs fer du forbi Hardangerjøkulen – den sjette største isbreen på fastlandet. Star Wars-fans sjå her: Nær Finse filma dei scenene på isplaneten Hoth i The Empire Strikes Back. Kanskje får du auge på ein tauntaun.

Det finst inga direkte bussforbinding til Myrdal, men du kan ta buss til Flåm eller til nærliggande stasjonar som Voss, og derifrå kombinere med Bergensbanen.

Sjekk buss- og togbillettar til Myrdal

Tog som kjører ved siden av en vei med folk som sykler og går gjennom norsk landskap.
To personer på sykkel på en sti i marka langs et vann.

Foto: norwaysbest.com/Sverre Hjørnevik, Sverre Hjørnevik/Fjord Norway

Aktivitetar i Myrdal

Rallarvegen – på sykkel frå Myrdal til Flåm⁠Ekstern lenke

Få opp pulsen på ein nervepirrande to timars sykkel tur frå Myrdal til Flåm. Pust inn den friske fjellufta medan du frydar deg over det vakre utsynet nedover denne målande sykkelruta. Første delen av turen er på grusveg, så om du ikkje er ein erfaren terrengsyklist må du hugse å starte roleg.

Vidare går turen går inn i sjølve hjartet av dalen, nedover langs Flåmselvi. Forbi tett skogkledde fjellsider, frodige marker og vatn som er så klart at du ser heilt til botnar.

Vil du dokumentere reisa? Ta ein pust i bakken på eit av dei mange flotte, insta-vennlege stadene langs denne fantastiske sykkelruta.

Til fots i Myrdal

Solide sko? Ja. Ryggsekk? Ja. Lyst på eventyr? Ja. Ikkje erfaren turgåar? Slapp av. Det finst nok av ruter for gå- og vandreglade på alle nivå. Du kan vente deg grøne høgdedrag, ein og annan snødekt fjelltopp og flotte fjellgardar nedetter liene.

Sightseeing

Mennesker står og ser på en stor foss
Foto: Vy

Kjosfossen

Rundt Kjosfossen er det vatn, vatn og atter vatn. Kjenn vasspruten når elva fossar ned langs fjellet i eit fall på 93 meter.

Kjosfossen kan du berre nå med toget. Næraste stasjon er Reinunga, ved Reinungavatnet.

En stor foss faller mellom fjell.
Foto: norwaysbest.com/Sverre Hjørnevik

Rjoandefossen

Rjoandefossen har eit fall på 310 meter (om lag høgda på Eiffeltårnet), og er litt høgare enn Kjosfossen. Han har to ulike fall – det høgste er på 147 meter, med ei bredd på om lag 23 meter. Viss du vil oppleve fossen frå eit tryggare (og turrare) utkikspunkt, ser du han frå Flåmsbana. Det er ein kafé like ved, kor du kan ta ein pause og fylle på energi.

En rød vegg med skilt Myrdal, kofferter i forgrunnen
Foto: Visit Norway/Christine Baglo

Myrdal stasjon

Myrdal stasjon ligg i hjartet av eit frodig naturområde. Nyt ein forfriskande spasertur på stasjonen. Viss du reiser om vinteren, kan du forvente mykje snø i fjella. Om sommaren ser du sola glitre i vatnet i Flåmselvi. Solbriller er eit must.

Hoteller i Myrdal

Vatnahalsen høyfjellshotell

Gjestane omtalar staden som «Nordens St. Moritz», og dei kjem frå både Storbritannia, Tyskland og Nederland og andre land. Du er berre mogleg å kome dit med tog. Når du kjem fram, blir du møtt av ei triveleg og roleg stemning, gode senger og gjestfritt vertskap.

Bestill ditt opphald i dag

Upsete fjellstove

Denne hytta ligg like ved Upsete stasjon på Vossebanen/Bergensbanen, ved vestmunningen av Gravhalstunellen 900 meter over havet. Med treinteriøret frå 1950- til 70-talet er det som du tek eit steg attende i tid. Det er eit fantastisk utsyn frå alle vindauga. Du blir servert tradisjonell norsk mat både morgon og kveld.

Bestill rom på Upsete fjellstove
To personer sitter på en benk og spiser foran Vatnahalsen hotell

Foto: norwaysbest.com/Sverre Hjørnevik