Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Guide til Voss

Med dei brusande elvane, brølande fossefalla og ruvande fjella, er Voss ein naturleg leikeplass for spenningssøkjarar og eventyrarar – men staden har også mykje å by på for dei som ønskjer å ha beina på jorda. Det er enkelt å komme seg til Voss heile året, med tog, buss eller bil.

Anten du planlegg ein tur til Voss fordi du treng å bli inspirert, eller fordi du rett og slett er nysgjerrig på området, vil denne guiden fortelje deg alt du treng å vite.

Voss-skilt i grønt landskap

Slik reiser du til Voss

Voss er ein region som ligg sørvest i Noreg, og er kjend for snødekte fjell, elvar, innsjøar og skogar. Det er enkelt å kome seg til Voss frå heile Noreg, spesielt viss du reiser med tog og buss.

Frå Bergen når du Voss med tog på 1 time og 10 minutt, og Flåm er berre eit lite stykke unna.

Kjem du frå Oslo, kan du ta eit direktetog til Voss gjennom praktfull, vakker natur ein ettermiddag. For dei som reiser med buss er det fleire ruter til og frå Bergen som går gjennom Voss.

Sjekk buss- og togbilletter til Voss

Ting å gjøre på Voss

Regionen Voss er internasjonalt kjend for urørt og vakker natur, og ekstremsport. Fjellsidene i Voss passar perfekt for skisport om vinteren og paragliding om sommaren. Vatna og dei kvite elvane er midt i blinken for dei som vil halde på med vass-sport.

Viss du ser for deg ein enkel ferie i lågt tempo heller enn på høgoktan, finst det mange avslappande aktivetetar og moro du kan halde på med på Voss.

Hendingar

Ekstremsportveko⁠Ekstern lenke

Ekstremsportveko er den største ekstremsportfestivalen i verda. Festivalen ligg på Voss, og inviterer ekstremsportutøvarar frå heile verda til å konkurrere i eigen sport. Du kan vente basehoping, klatring, brettkøyring, BMX-konkurransar og meir, pluss nybyrjarvennlege aktivitetar som fleire kan prøve seg på.

Vossa Jazz⁠Ekstern lenke

Veka før påske samlar Voss-regionen seg for å feire jazzmusikk. Saman med eit breitt utval jazzmusikk, fokuserer festivalen også på verdsmusikk og tradisjonell folkemusikk. Festivalen er ein sentral del av den norske jazzscena, og ønskjer musikarar på alle nivå velkomne til å ta del i og kose seg med den frittflytande improvisasjonssjangeren.

Viss du planlegg å besøkje Voss under festivalen, kan du hente enkeltbillettar til konsertar, dagsbillettar for heildagstilgang eller festivalpass for uavgrensa tilgang til konsertar.

6 personer i en rafting båt
En familie på 4 som sykler langs et vann forbi noen trær
To personer som går tur på fjellet

Foto: Vy, Visit Voss

Aktivitetar

Rafting⁠Ekstern lenke

Noreg er kanskje kjent for fjordane, men på Voss kan du oppleve elverafting og byte ut fredeleg med ekstrem. Du kan rafte på elvane i Stranda eller Raundal, og desse vakre elvevegane er like gøye som dei er vakre.

Med prisar som frå rundt 1 200 kr med alt elveraftingutstyr inkludert, har det aldri vore enklare å godta vasspruten og padle som aldri før!

Fallskjermhopping⁠Ekstern lenke

Fallskjermhopping over Voss er ein av de beste måtane du kan oppleve utsikta over den vakre regionen på. Saman med spenninga i fritt fall, finst det inga utsiktsplattform som får adrenalinet til å pumpe som dette.

Sykling⁠Ekstern lenke

Det er få måtar det er betre å utforske Voss på enn på sykkel. Anten det er veg, fjell eller grus, kan du finne ei rute som passar deg. Reis på to hjul, omkransa av fjordar, fjell og mange skjulte perler, når du besøkjer Voss.

Lei sykkel, og utforsk Voss på eiga hand. Eller sleng deg med på ein guida tur. For deg som føretrekkjer noko kort og godt, har Voss også ei pumptrackbane, som er perfekt for ein rask sykkeltur når du treng litt luft.

Skisentre⁠Ekstern lenke

Det er vel ikkje overraskande at det fjellrike terrenget på Voss høver til ski. Voss har rykte på seg for å vere eit snøsikkert reisemål og har to av dei største skianlegga på Vestlandet.

Fotturer⁠Ekstern lenke

Voss er ein region som er godt tilpassa fotturar, med vidt utsyn og skjulte naturperler. Det finst mange ulike heildagsturar, korte spaserturar nær sentrum og til og med fotturar over fleire dagar, så det er heilt opp til deg kva du vil velje.

Fat med spekemat
Utsikt over fjell og 2 personer i fallskjerm
Person som står slalom på en nypreppa løype med blå himmel
Gondolbanen over Voss

Foto: Vy, Visit Voss

Sightseeing

Voss Gondol⁠Ekstern lenke

Voss Gondol er ein kabelbane som går året rundt og køyrer frå Voss tog- og busstasjon til Hangurstoppen på under ni minutt. Med den lengste fjellgondolbana i Nord-Europa kjem du deg raskt og enkelt til fjells og til aktivitetar.

Om sommaren kan du vandre, sykle, rappellere eller paraglide, og om vinteren fungerer gondolen som ei ferje til Voss skisenter.

Voss folkemuseum⁠Ekstern lenke

Voss folkemuseum gir eit fascinerande innblikk i historia og tradisjonane i regionen. Du kan også utforske ei autentisk samling av norske gardsbygningar og lære om landbrukshistoria.

Det er mykje å utforske og oppleve for alle aldrar, og Voss folkemuseum tilbyr både guida turar og driv ein kafé.

Mat og drikke

Smalahovetunet

Voss Bryggeri

Restaurant Flor’n på Store Ringheim

Hotell i Voss

Store Ringheim Hotell

Det unike og rustikke hotellet tilbyr tradisjonell norsk gjestfridom på den renoverte garden. Store Ringheim er eit hotell med sjel, sjarm og varm gjestfridom, og romma ligg i det gamle gardshuset og i reiskapshuset.

Bestill opphaldet ditt på Store Ringheim Hotell

Fleischer’s Hotel

Historia til dette tradisjonelle hotellet i sveitsisk stil byrja i 1889. I dag har Fleischer's Hotel romslege og moderne rom og fasilitetar som kan passe til mange ønskje og budsjett.

Reserver rom på Fleischer’s Hotel

Scandic Voss

Scandic Voss er eit moderne, stilfullt hotell som ligg i sentrum av Voss. Scandic Voss ligg ved sida av togstasjonen, og er like komfortabelt som det er tilgjengeleg.

Bestill eit rom på Scandic Voss

Park Hotel

Viss du reiser til Voss på jakt etter opplevingar, er Park Hotel Vossevangen akkurat der det skjer. Park Hotel Vossevangen er ein oase der du kan slappe av etter ein lang dag med eventyr, og vi tilbyr matpakkar for dei som ønskjer å vere ute og utforske heilt til kvelden.

Bestill opphaldet ditt på Park Hotel