Vegvisar til Flåm
Flåm er ei idyllisk bygd som ligg vakkert til ved Aurlandsfjorden, ein av dei flottaste fjordane i Noreg. Flåm er kjend for den vakre naturen, togruta med panoramautsyn og den tradisjonelle norske kulturen. Kvart år tek bygda imot mange gjestar og besøkjande som jaktar på utsiktspunkt. Vi har sett saman ein vegvisar til Flåm, slik at du får den beste opplevinga av naturen i bygda neste gong du kjem på besøk.

Slik kjem du deg til Flåm
Ingen tur til Flåm er komplett uten ei reise på den historiske Flåmsbana. Anten du kjem frå Oslo eller Bergen, kan du gå om bord på det legendariske toget til Flåm.
Viss du skal reise med tog, må du byte til Flåmsbana på Myrdal. Frå Myrdal tek turen ein time, det gir deg god tid til å ta inn utsynet mot dei majestetiske fjella der du sit i vogna.
Alternativt kan du reise til Flåm med buss. Vy buss køyrer bussruter som tek deg frå Oslo og Voss.
Sjekk buss- og togbillettar til Flåm
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Aktivitetar i Flåm
På sykkel i FlåmEkstern lenke
Du kan leige syklar anten i Flåm eller Kårdal med ein togbillett i tillegg, i tilfelle du ikkje vil sykle heimreisa. Pris for å leige ein sykkel startar på 440 kr.
Kajakkpadling i FlåmEkstern lenke
Det er få stader i Noreg som er så legendariske som fjordane langs vestkysten. Flåm ligg i sjøkanten ved Aurlandsfjorden, som heng saman med den lengste fjorden i Noreg, Sognefjorden.
Flåm ZiplineEkstern lenke
Berømte Flåm Zipline er ein av dei mest unike måtane du kan oppleve den lokale naturen på. Det er den lengste ziplinen i Norden, med ei lengd på godt over kilometeren og ein høgdeskilnad på heile 305 meter (omtrent som høgda på Empire State Building).
Gåtur i FlåmEkstern lenke
Trass i at Flåm er ein populær stad for turistar, er Flåm ei ganske lita bygd som er heimen til ca. 350 menneske. Det betyr at du ikkje treng å gå særleg langt før du er ute i naturen.




Foto: VisitNorway.com/Sverre Hjørnevik, norwaysbest.com/Sverre Hjørnevik
Sightseeing
FlåmsbanamuseetEkstern lenke
I eit spennande historisk tilbakeblikk på den no så berømte jernbana, får du lære alt om kvifor jernbana er kjend som den nest brattaste i Europa, korleis ho blei bygd og meir. Gratis inngang.
Vikingdalen i GudvangenEkstern lenke
Denne familievennlege attraksjonen er laga for store og småvikingar og er like lærerik som den er spennande og interessant. Når du besøkjer vikingdalen, kan du ta ein rundtur med omvisar, eller berre vandre rundt og prate med folket i landsbyen.
Stegastein utsiktspunktEkstern lenke
FjordsafariEkstern lenke
Ein av de beste måtane du kan sjå den Unesco-lista Aurlandsfjorden på, er når du blir med på ein tur. Det finst turar for alle, anten det er ein vikingmiddag om kvelden på eit cruiseskip eller ein dagstur fylt med vandring.

Foto: Sverre Hjørnevik/Fjord Norway
Mat og drikke
Ægir bryggeri
Flåmstova Restaurant
Furukroa Kafé

Fretheim Hotel
Dette moderne hotellet har fjella i Flåm som bakgrunn, og kan tilby fleire romslege rom, alle med utsyn over fjordlandskapet.
Foto: norwaysbest.com/Sverre Hjørnevik
Bestill rommet ditt på Fretheim Hotel i dag, med nydeleg utsyn!Ekstern lenke