Tog til og frå Finse
Med mindre du går eller syklar, er toget det einaste framkomstmiddelet til Finse. Når du vel tog til Finse kan du lene deg tilbake i setet på veg opp i høgda.
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken

Togbilletten din til Finse
Før du går om bord i toget til Finse, kan du enkelt skaffe deg billett med Vy-appen eller bestille togbillett her på vy.no. Då får du oversikt over tilgjengelege avgangar og tenester om bord. Du kan også sjå prisen på dei ulike billettypane og kan betale raskt og enkelt. Ver tidleg ute for å sikre deg dei billegaste billettane.
Praktisk på togturen til Finse
Som passasjer på tog til Finse har du tilgang til fleire tenester om bord som ein kafé der du kan nyte eit variert utval av mat og drikke.
Har du planar om å ta med familien på oppdagingstur til Finse, kan de bruke ei eiga barne- og familievogn. Hugs at du må reservere sykkelplass om du har planar om å dra ut på Noregs mest populære sykkeltur, Rallarvegen.
Det er naturlegvis avgrensa med overnattingsmoglegheiter på fjellet, men eit besøk på hotellet Finse 1222 eller Finsehytta til Den Norske Turistforening gjev deg ei varm seng å sove i og gode måltid – 1222 meter over havet.
Naturskjønne Finse
Så snart du går av toget på Finse stasjon vil du kunne skode utover det majestetiske landskapet. På stasjonsområdet finn du også Rallarmuseet. Her kan du setje deg nærmare inn i historia til Rallarvegen – anleggsvegen som kom på plass i samband med utbygginga av Bergensbanen for over hundre år sidan.
Frå Finse stajson er moglegheitene mange for store naturopplevingar, enten du brukar beina eller sykkelen. Og ber du på ein draum om brevandring, kan han gå i oppfylling på den nærliggjande Blåisen.