Tog til og frå Göteborg
Göteborg er den femte største byen i Norden og er både trendy og grøn. Byen på den svenske vestkysten er ein populær destinasjon. Du kjem deg enkelt dit med toget – billeg og miljøvenleg!
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken

Tog til Göteborg sentrum
Göteborg er den nærmaste storbyen til Noreg med eit stort utval opplevingar, enten du skal på tur med vener, kjærasten eller heile familien. Togreisa frå Oslo S til Göteborg tar ca. fire timar – då har du kome fram til sentrum og er klar for å utforske!
Shopping i Göteborg
I Göteborg har ein mange spanande moglegheiter når det kjem til shopping, og her er det verkeleg noko for alle og ein kvar. I Göteborg vil du finne alt frå luksuriøse vesker til second hand-skjorter, og det er mange sjarmerande butikkar som er gode på vintage. Du vil også finne ei rekkje kjeder som du kjenner frå Noreg, men forskjellen frå her heime er at det ofte er litt billegare.
Overnatte i Göteborg
Om du reiser med tog til Göteborg og går av på Göteborg Jernbanestasjon, er du midt i byen. Herfrå er det ikkje langt til ei rekkje hotell, alt frå enkle og billege til staselege og litt meir kostbare. Det er uansett garantert enkelt å ta seg frå Göteborg Jernbanestasjon til det hotellet som passar best for budsjettet ditt.
Ting å gjere i Göteborg
I Göteborg er det nesten uendeleg mykje å finne på, enten du reiser med familien, på kjærastetur eller med vener. Den populære fornøyelsesparken Liseberg treng vel eigentleg ikkje nokon introduksjon, men han er i seg sjølv grunn nok til å reise til Göteborg. Er du interessert i sport, bør du få med deg eit av byens mange lag innan hockey og fotball, som GAIS, IFK Göteborg, BK Häcken eller Frölunda HC.
Rundt Göteborg by
Er du av den bilinteresserte typen, bør du reise ein tur til øya Hisingen, der Volvo har hovudkvarteret sitt. Her kan du besøkje opplevingssenteret og få moglegheita til å prøvekøyre Volvo sine nyaste modellar på ein spesiallaga bane. Ein tur til den vakre skjergarden til Göteborg er også tilrådd, og sjølvsagt særleg om sommaren.
Gode Göteborg
Nordmenn trivst godt i Göteborg, og Göteborgarane er generelt glade i nordmenn. Då er det kanskje ikkje så rart at ein ofte drar tilbake til denne fantasiske, svenske byen når ein først har vore der ein gong. Å reise med tog til Göteborg ei helg er absolutt tilrådeleg om du ikkje har gjort det enno. Billege togbillettar finn du raskt og enkelt i Vy-appen eller her på vy.no. God tur!


