Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Kvifor blir tog stundom forseinka?

Togforseinkingar kan oppstå når ting ikkje går heilt på skjener. Det kan vere dårlege vêrforhold, planlagt arbeid eller at noko uventa skjer. Her gir vi deg ei oversikt over nokre av dei vanlegaste grunnane til at tog blir forseinka og forklarer kva dei betyr.

Signalfeil

Kort forklart betyr signalfeil at anlegget varslar om ein feil. Tog køyrer etter signal som fortel om det er trygt køyre vidare eller om dei må stoppe. For å unngå ulykker får toget raudt lys og stoppar viss sikringsanlegget på jernbanen oppdagar ein feil.

Det er mykje som kan forårsake signalfeil, m.a. elektriske eller tekniske feil, problem med sporvekslarar eller feil på skjenene.

Vêr og vind

Både mykje nedbør, kulde og vind kan føre til store forseinkingar og innstillingar av tog.

  • Sterk vind kan føre til at tre fell over spora. Dette kan gi skadar på det elektriske anlegget.
  • Store mengder regn kan auke faren for flaum og ras. Jord-og steinras kan også føre til forseinking og stengde spor.
  • Snø og is kan føre til knuste ruter og øydelagde dører. Vedlikehald tek også lenger tid i kulda fordi toga må tine.

Arbeid på jernbanen

Arbeid på jernbanen blir utført av Bane Nor for å sikre trygg og effektiv togtrafikk. Det trengst vedlikehald og oppgraderingar av spor, signal og infrastruktur for å førebyggje feil og auke kapasiteten. Sjølv om arbeid på jernbanen kan føre til mellombelse forseinkingar eller buss for tog, er det avgjerande for tryggleik og for fornying av jernbanen.

Arbeid på jernbanen kan vere planlagt for vedlikehald og utbygging, eller ikkje planlagt som kan komme av til dømes ulykker eller uvêr.

Jordfeil

Jordfeil kjem av ein lekkasje av straum og straumen går ein veg han ikkje skal – til dømes frå ein kabel til bakken. Når jordfeil oppstår på jernbanen, må straumen koplast ut for tryggleik, og toga kan ikkje køyre vidare.

Solslyng

Solslyng kan oppstå når det blir veldig varmt og jernbaneskjenene utvidar seg. Skinna kan då vri seg. Solslyng er ein sporfeil som kan føre til avsporing – derfor er det nødvendig å stengje sporet når solslyng oppstår.

Tekniske feil på tog og materiell

Toga i Noreg blir utsette for store påkjenningar frå vêr, slitasje og dagleg drift. Når eit tog treng reparasjon eller vedlikehald, kan det føre til forseinkingar eller innstillingar. Dersom fleire tog enn vanleg er ute av drift samtidig, kan vi få materiellmangel. Då kan enkelte avgangar bli innstilte, eller toga køyre med færre vogner enn vanleg.

Fulle tog

Fulle tog kan vere ei årsak til forseinkingar, spesielt i rushtida. Fordi det er mange reisande som skal av og på toga, kan det ta lengre tid for å få folk inn og ut av toget som kan føre til lengre opphald på stasjonane.

Følgeforsinkelser

Følgeforsinkelser er forseinkingar som oppstår fordi eit anna tog er forseinka og påverkar andre tog som deler spor og stasjonar. Det kan til dømes vere at det forseinka toget opptek sporet eller at ein må vente på eit motgåande tog som er forseinka.

Personellmangel

Personellmangel betyr at vi ikkje har riktig bemanning tilgjengeleg på rett stad og til rett tid. Det kan skuldast sjukdom, forseinkingar, driftsavvik eller at personell må flyttast i trafikken. I tillegg må reglar for arbeidstid, kvile og nødvendig godkjenning for togtype og strekning alltid følgjast.

Vi hjelper deg

Buss for tog

Ved planlagt arbeid eller oppstått hendingar som fører til at toga ikkje kan gå, set Vy inn alternativ transport med buss for tog.