Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Fine fakta om tog

Ting du kanskje har lurt på, eller aldri har tenkt over, som kvifor toga tutar, og kva bokstavane i linjenumra eigentleg betyr.

Tog på skinner
Visste du at det er Norske tog AS som eig toga i Noreg? Vy leiger toga og køyrer dei på spora som Bane NOR har ansvar for.

Kven eig toga?

Det er Norske tog AS (som er eigd av Samferdselsdepartementet) som eig toga i Noreg, og dei leiger dei ut til togselskapa. Togselskapa køyrer toga, medan Bane NOR eig og driv spora, stasjonane og annan infrastruktur.

Kva betyr bokstavane i linjenummera på toga?

Du har sikkert sett nokre bokstavar og tal framme på toga eller i rutetabellane. Dette er linjenummera, men hva betyr bokstavane? Dei seier noko om kva type togrute som køyrer på dei ulike strekningane.

  • L står for lokaltog: tog som køyrer korte strekningar med mange stopp. Til dømes L2 Oslo–Ski.
  • R står for regiontog: tog på kortare strekningar innanfor ein region. Til dømes R14 Asker–Kongsvinger.
  • RE står for regionekspresstog: raske tog på mellomlange strekningar innanfor ein region. Til dømes RE10 Lillehammer–Drammen.
  • F står for fjerntog: tog som køyrer lange strekningar. Til dømes F4 Oslo–Bergen.

Kvifor tutar toget?

Toget tutar som regel for å varsle om at det nærmar seg ei planovergang. Dette for å gjere folk merksame på at toget kjem, og dei må vente med å krysse til toget har køyrt forbi. Det kan òg tute for å skremme bort dyr, som elg eller rådyr, frå sporet.

Kva er enkeltsett og dobbeltsett?

Eit enkeltsett er ei rekkje med vogner, som er kopla saman. Typisk for enkeltsett er at dei har ei førarvogn i kvar ende sånn at toget kan køyre i begge retningar.

Eit dobbeltsett er to enkeltsett som er kopla saman for å få dobbelt så mange vogner og dermed dobbelt så mange plassar.

Illustrasjon av en en by, tog foran en stasjonsbygning og en landsbyIllustrasjon av en en by, tog foran en stasjonsbygning og en landsby