Arbeid på jernbanen i påsken
I påska 2026 jobbar Bane Nor på fleire strekningar på jernbanen. Her får du informasjon om korleis dette påverkar togtrafikken.
Her jobbar Bane NOR i påska 2026
- Romeriksporten, Gardermobanen: Frå laurdag 28. mars til og med søndag 5. april mellom Oslo S og Lillestrøm. I denne perioden køyrer toga på Hovedbanen, og L1 blir erstatta med alternativ transport mellom Oslo S og Lillestrøm.
- Drammen-, Vestfold- og Sørlandsbanen: Frå laurdag 28. mars til og med søndag 5. april mellom Brakerøya–Stokke/Mjøndalen. Påverkar linjene F5 (Sørtoget), FLY1, F4 (Bergensbanen), R12, R13, RE10 og RE11.
- Østfoldbanen, østre linje: Frå måndag 30. mars til og med søndag 5. april mellom Ski og Rakkestad. Påverkar linje R22.
- Bergensbanen: Frå torsdag 2. april kl. 15:25 til og med søndag 5. april kl. 09:30 mellom Hønefoss og Geilo. Påverkar linje F4.
- Kongsvingerbanen: Frå fredag 3. april til og med måndag 6. april kl. 06:00 mellom Lillestrøm og Kongsvinger. Påverkar linjene R14 og F1.
Nedanfor finn du fleire detaljar om korleis arbeidet påverkar kvar enkelt linje.
Korleis skal eg reisa?
Påskeruter
Linjene som blir råka av arbeid i påska 2026
- Innstilt frå laurdag 28. mars til og med søndag 5. april på grunn av arbeid i Romeriksporten. Då må alle R‑toga køyre via Hovedbanen (L1). Reisande på L1 mellom Oslo S og Lillestrøm får derfor alternativ transport.
- Vi køyrer buss for tog Oslo S–Grorud–Lillestrøm.
- På strekninga Oslo S–Nyland viser vi vidare til Ruters tilbod.
- På strekninga Oslo S–Spikkestad viser vi til linje L2, som køyrer Oslo S–Spikkestad i perioden.
- Vi køyrer halvtimesruter i heile perioden.
- L2 køyrer Ski–Oslo S og deretter Oslo–Spikkestad i påska.
- Vi køyrer halvtimesruter i heile perioden.
- Vi køyrer buss for tog mellom Asker og Mjøndalen frå laurdag 28. mars til og med søndag 5. april.
- Toga til og frå Mjøndalen–Kongsberg har fått nye avgangstider i påska. Sjekk reisesøket.
- Reisande til Drammen blir viste vidare med toget til Brakerøya og skyttelbuss Brakerøya–Drammen.
- Innstilt Brakerøya–Drammen frå laurdag 28. mars til og med søndag 5. april.
- Vi køyrer skyttelbuss mellom Brakerøya og Drammen.
- Innstilt frå fredag 3. april kl. 08:00 til måndag 6. april kl. 06:00.
- Vi køyrer buss for tog mellom Lillestrøm og Kongsvinger.
- På strekninga Lillestrøm–Asker viser vi vidare til andre tog.
- Toga køyrer påskeruter med færre avgangar. Sjekk reisesøket.
- Vi køyrer buss for tog mellom Ski og Rakkestad frå måndag 30. mars til og med søndag 5. april.
- Måndag 30. mars og tysdag 31. mars blir R22 Oslo S–Ski innstilt. Vi viser vidare til linje R23.
- Toga køyrer påskeruter med færre avgangar. Sjekk reisesøket.
- Innstilt Asker–Brakerøya frå laurdag 28. mars til og med søndag 5. april.
- Reisande til Drammen blir viste til andre tog på strekninga Asker–Brakerøya.
- Vi køyrer skyttelbuss mellom Brakerøya og Drammen.
- Vi køyrer buss for tog mellom Asker og Stokke frå laurdag 28. mars til og med søndag 5. april.
- Frå Stokke køyrer vi buss på strekningane Stokke–Drammen, Stokke–Tønsberg og Stokke–Holmestrand–Sande.
- Det går direktebuss Stokke–Asker for reisande til Oslo.
- Toga har nye avgangstider på strekninga Stokke–Skien.
- Reisande til Drammen blir viste med toget vidare til Brakerøya og skyttelbuss Brakerøya–Drammen.
- I påska køyrer vi dagleg til Malmö fram til Skjærtorsdag (2. april) - då stengjer banen Göteborg–Malmö for banearbeidar og me viser til Vy Bus4You. Hugs å sjekka reisesøket før du reiser.
- Vi køyrer buss for tog Oslo S–Geilo frå torsdag 2. april kl. 15:25 til søndag 5. april kl. 09:30.
- Toga køyrer påskeruter med færre avgangar.
- Toga køyrer påskeruter med færre avgangar.
Sjekk rutetidene før du reiser
Bruk reisesøket i Vy-appen eller på vy.no. Ver merksam på at buss for tog kan ha tidlegare avgangstider enn toga normalt har. Hugs også å sjekke kvar bussen din køyrer til og frå.
Berekn ekstra tid og ha billett klar
Berekn ca. 30–60 minutt ekstra for reisa di. Bussane brukar som regel lengre tid enn toga, i tillegg tar det tid å byte mellom tog og buss. Kjøp billett før du går om bord.
