Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Personvernerklæring for marknadsføring

Her finn du informasjon om kva personopplysningar som blir behandla og korleis dei blir behandla når vi driv med marknadsføring.

Korleis jobbar Vy med marknadsføring?

Vi brukar ulike former for marknadsføring for å fortelje deg om reiser som vi trur du kan vere interessert i, og for å synleggjere fordelane ved å reise med oss. Slik tilpassa marknadsføring brukar Vy-profilopplysningane dine, søkje-, kjøps- og reisehistorikk, og korleis du brukar produkta og tenestene våre.

Foremålet med behandlinga

For å kunne gje deg marknadsføring og for at informasjonen frå oss skal vere relevant for deg, ønskjer vi å sende deg tilpassa innhald.

Marknadsføringa vår gjerast i tråd med krava i Markedsføringsloven. Vi vil berre sende deg marknadsføring om du har samtykt til å motta marknadsføring eller i samband med eit kjøp gjort hos oss.

Personopplysningar vi behandlar i Vy-appen

Til marknadsføringsføremål brukar vi opplysningar som kundenummer, namn, kontaktinformasjon, fødselsdato, betalingsinformasjon, samt søkje-, sals- og reisehistorikk og korleis du brukar produkta og tenestene våre.

Rettsleg grunnlag

Det rettslege grunnlaget vi har til å behandle personopplysningane dine for marknadsføring er samtykket ditt.

Sjå også: