Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Samtykke for Vy-profil

Her finn du informasjon om Vy-profilsamtykket og kva føremål personopplysningane kan brukast til.

Behandlingsansvarleg

Vygruppen er eit mobilitetskonsern med fleire selskap som leverer ulike reisetenester, under dette tog- og busstenester. Selskapa i Vygruppen har eit felles konsernkunderegister for best å kunne administrere kundetilhøvet og samordne tilbodet av tenester frå selskapa i konsernet. Selskapa i Vygruppen har eit sams behandlingsansvar for opplysningane i registeret.

Kva er ein Vy-profil

Ved å opprette ein Vy-profil kan du gjere reisehistorikken din tilgjengeleg på web og i app, lagre personalia som namn, e-post, telefonnummer, og praktiske funksjonar som heim- og jobbadresse, favorittstrekningar, stasjonar og stader, og familie og vener. Føremålet med ein Vy-profil er å gjere det meir praktisk for deg som kunde å bruke Vy sine portalar.

Vi kan bruke denne informasjonen til å kontakte deg for å varsle deg i tilfelle som påverkar kunderelasjonen din til Vygruppen. Dette kan vere forseinkingar eller endringar på reisene og avgangane dine, oppdatering av vilkår og personvernerklæring, eller andre liknande tilfelle.

Behandlingsgrunnlag

Behandlingsgrunnlaget vi har for din Vy-profil er eit samtykke, og vi vil berre behandle personopplysningar som er skildra over.

Aldersgrense

For å opprette ein Vy-profil må du ha fylt 13 år.

Oppseiing av samtykke

Du kan trekkje samtykket ved å slette Vy-profilen din.

Sjå også: