Buss for tog på Gjøvikbanen
Bane NOR jobbar på Gjøvikbanen frå laurdag 29. august til og med fredag 18. september. Les meir om korleis dette påverkar reisa di.
Kvar skal du reise?
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Mi posisjon
Oslo S
Knutepunkt i Oslo
Oslo lufthavn (Gardermoen)
Knutepunkt i Ullensaker, Viken
Bergen stasjon
Knutepunkt i Bergen, Vestland
Nationaltheatret
Knutepunkt i Oslo
Drammen stasjon
Knutepunkt i Drammen, Viken
Kvar og når er det stengt?
Fram til og med fredag 18. september er det stengt for togtrafikk mellom Oslo S og Roa.
- Mellom Oslo S og stasjonane Nittedal–Roa køyrer vi buss for tog. Merk at bussane går tidlegare frå Oslo S slik at toget kan gå i rute frå Roa. Bussane ventar på Roa til toget har kome fram.
- For reisande frå Movatn og Snippen i retning Oslo køyrer vi minibuss Movatn–Snippen–Kjelsås til Nydalen for byte til T-bane. Billetten din gjeld på T-banelinjene til Ruter. Reisande frå Movatn og Snippen som skal i retning Gjøvik, må bestille taxi frå stasjonen.
- Skal du reise mellom Oslo S og Kjelsås, Nydalen, Grefsen eller Tøyen, viser vi til Ruter. Billetten din gjeld på transportmidla til Ruter på denne strekninga.
Kvifor er strekninga stengd?
Bane NOR må halde strekninga Oslo S–Roa stengd nokre dagar til. Strekninga som etter planen skulle opnast førre laurdag etter to veker med buss for tog, blir dermed utsett.
Tryggleiken kjem alltid først, og Bane NOR må halde strekninga stengd til det er trygt å køyre tog og systemet gir grønt lys.