No er stadig fleire tog tilbake i trafikk
Det har vore ein uvanleg tøff vinter for både kundar og tog, med konsekvensar vi framleis jobbar med.
Vinteren er for lengst tilbakelagd, men han har dessverre skapt konsekvensar me framleis jobbar med. Mangel på togsett har gjort det krevjande om bord i toga. Det har vore trongt og fleire har måtte ta til takka med ståplass på lange strekningar.
Me forstår frustrasjonen og ønskjer å seia unnskyld til alle kundar som ikkje har fått det togtilbodet som dei skulle hatt.
Gradvis nærare normal togtrafikk
No går det heldigvis gradvis betre, og det er berre unntaksvis me køyrer med færre vogner og mindre plass enn planlagt.
Vedlikehald og reparasjon av tog tek tid, men saman med leverandørane våre gjer me alt me kan for å få alle toga våre ut i trafikk. Samtidig gjer me endringar i måten me jobbar med vedlikehald på, slik at me unngår å hamna i same situasjon neste vinter.
Enkelt forklart kan me dela «vegen vidare» inn i to fasar:
Fram til august
I sommar vil togtilbodet i all hovudsak vera som det står i ruteplanen, med dobbeltsett på rushtidsavgangane.
Me har framleis færre reservetog enn ønskjeleg. Det betyr at me ikkje toler nye feil på toga, eller store infrastrukturproblem som gjer at toga står fast på feil stad.
August til jul
Etter sommarferien skal toga igjen gå som planlagt. Me har også tilstrekkeleg talet på togsett i reserve dersom noko uventa skulle skje.
Fram mot jul vil me dessutan halda ved like toga i mykje større omfang enn det som har vorte gjort tidlegare. Ekstra ressursar frå utlandet er henta inn for å reparera fleire feil enn me klarer med normal bemanning.
Tiltaka og fasane nemnt over gjeld regionekspress- og regionstog, det vil seia linjer som blir trafikkerte med dei mørkegrøne Flirt-toga.
Korleis unngår vi at dette skjer igjen?
Me har lært mykje av denne vinteren, som gjer at me er betre rusta til neste vinter. I etterpåklokskapens lys ser me at me køyrde toga for hardt. Behovet for nødvendig vedlikehald auka, og me klarte ikkje å ta unna nye feil som kom på toppen av dette.
I tillegg til å setja inn ekstra bemanning på verkstadene, ser me også på andre tiltak for å utføra vedlikehald på ein meir effektiv og betre måte.
Dette vil redusera tida på verkstad, gi eit meir påliteleg togtilbod og ein betre kvardag for kundane.