Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Status for togtrafikken på Austlandet oktober 2024

Publisert 1. november 2024 kl. 13:38

Det har vore eit krevjande år for togpassasjerar på Austlandet, med mange utfordringar, mellom anna mangel på tog. Vi har no fleire tog ute i trafikk enn på lenge, sjølv om situasjonen framleis er ustabil.

Fleire tog har dei siste vekene komme ut frå verkstad, og vi håper kundane merkar at det er betre plass om bord i toget.

Vi jobbar på fleire område for å halde fram den positive utviklinga, spesielt med tanke på vinteren og utfordringane han fører med seg.

Forbetringar på dei mørkegrøne og -grå toga

Dei fleste toga som Vy køyrer, er moderne Flirt-tog som trafikkerer store delar av Austlandet. Sjølv om dette er dei mest moderne toga vi køyrer, har vi likevel hatt mange utfordringar med dei i år.

Det har vore problem med dørene som gjorde at alle toga måtte inn for modifiseringar, og det har vore utfordringar med ombygginga til det nye signalanlegget ERTMS. Dette har ført til at vi ein lengre periode køyrde om lag 40% av avgangane med færre vogner og sete enn planlagt.

No er mange av problema med desse toga løyst, mykje takka vere at bemanninga på verkstadene er auka betydeleg. Vi har også fått tilbake fem togsett frå verkstad, som vart teke ut av trafikk på grunn av risiko for alvorleg feil. Etter grundige undersøkingar og analysar vart det ikkje funne tryggingskritiske feil og desse er no i gang igjen.

Dei siste vekene har vi derfor hatt fleire avgangar med rett talet på togsett, men det er dessverre rundt 5–10 % av alle avgangar på Austlandet (inkl. lokaltog) som køyrer med færre vogner og sete enn planlagt.

Levetidsutfordringar for lokaltoga

Også tog får aldersrelaterte plager. Jo eldre toga blir, jo meir vedlikehald er det behov for.

Dei eldste toga våre køyrer som lokaltog mellom Spikkestad–Lillestrøm, og Stabekk–Ski og fleire tusen passasjerar er avhengig av desse kvar dag.

Dette er strekningar som er viktige for mange menneske og vi jobbar for at toga skal fungera så godt som mogleg inntil dei nye lokaltoga kjem.

Kva med vinteren?

Med vinteren rett rundt hjørnet, veit vi at mange er bekymra for om togtrafikken vil takla kulda. Vi førebur oss med døgnbemanning på verkstadene og førebyggjande vedlikehald.

Alle tog går no gjennom ein haustkontroll der vi mellom anna gjer endringar på dei slik at dei skal tole kulda betre.

Sjølv med alle desse tiltaka vil det framleis vere dagar med færre tog i trafikk enn andre.

Ved varslar om ekstrem kulde eller store mengder snø vil vi denne vinteren vurdera å innstille tog for å unngå at vi mistar mange tog til reparasjon over lengre tid.

Det meiner vi vil gi ei betre føreseielegheit for deg som kunde, og eit meir stabilt togtilbod på lengre sikt.