Togtrafikken etter snøkaos og kuldeperiode
Etterdønningar av snøkaoset 17. januar og kuldeperioden i forkant av det, vil påverke toga på Austlandet ei stund framover.

Takk for tolmodet
Først av alt; takk for tolmodet den siste tida! Vi veit at januar har vore krevjande for mange som reiser med tog, med innstillingar, forseinkingar og færre vogner på grunn av vêrsituasjonen.
Korleis blir togtilbodet framover?
Veldig mange avgangar køyrer med færre vogner. Blant anna gjer isen det vanskeleg å kople saman togsetta. Det blir derfor trongt på fleire avgangar, spesielt i rushtida. I tillegg er fleire ekstraavgangar i rushtida innstilt, og du må rekne med forseinkingar.
Situasjonen endrar seg raskt og frå dag til dag, og sjølv om vi jobbar for at du skal ha så mykje føreseielegheit som mogleg, kan det bli endringar undervegs. Vårt beste tips er derfor å følgje med i reisesøket i Vy-appen eller på vy.no, slik at du er oppdatert.
Derfor tek det tid å rydde opp
- Det er mykje snø som skal brøytast frå spor, plattformer og areala rundt stasjonane. I tillegg jobbar Bane Nor på spreng med å halde sporvekslar fri for snø og is. Les meir om oppryddinga på nettsidene til Bane NorEkstern lenke.
- Vi har enno ikkje fått full tilgang til verkstadsområda for toga, på grunn av snømengdene. Der står det mange tog som ventar på å komme ut i trafikk, og i tillegg har vi mange tog som ikkje har fått nødvendig vedlikehald fordi dei ikkje har komme inn til verkstadene. Bane Nor har måtte prioritere å halde banestrekningane opne, slik at dei toga som er ute i trafikk kan køyre.
- To rundar med mykje snø og ein lang periode med kulde har gjort at snø og is har pakka seg på toga. Isklumpane er store, opptil 400 kg, og tek mange timar å tine. Dermed får ikkje verkstadene gjennomført alt vedlikehald til rett tid, fordi dei må tine toga først. Les meir om utfordringane med kulde og snø.
Reisegarantien gjeld viss du blir forseinka
Tips til deg som skal reise
- Sjekk reisesøket i Vy-appen eller på vy.no før reisa – Då er du oppdatert på eventuelle endringar eller forseinkingar på avgangen din.
- Skru på varsel i Vy-appen – Då kan vi sende deg eit varsel viss ei strekning blir stengd eller viss toget ditt blir forseinka, innstilt eller køyrer frå eit anna spor. Gå til Varslinger i menyen for å setje opp faste varslar.



Det dannar seg is overalt på toget, og ofte endar dei opp på verkstad for tining og vedlikehald.