Difor hender det at toget er forseinka eller fullare enn du håpa
Du står på perrongen. Stressa, kanskje litt sveitt etter å ha sprunge for å rekke toget. Og så kjem meldinga: toget er forseinka. Det er frustrerande. Det veit vi. Men kvifor skjer det eigentleg – og kva blir gjort for at det skal bli betre? Her er vårt ærlege forsøk på å svare på det du har lurt på, irritert deg over, eller rett og slett aldri har fått forklart.

Kvifor blir toget forseinka?
Forseinkingar kjem oftast av feil i infrastrukturen – signalanlegg, spor, straum eller sporvekslarar – eller tekniske feil på sjølve toget.
Jernbanen er eit samanhengande system. Vi køyrer så mange tog på same strekning i dag at éi lita hending kan få store følgjefeil, fordi det finst få moglegheiter for å køyre forbi på dei fleste strekningane.
Bane NOR oppgraderer no signalsystemet på det norske jernbanenettet. Dette vil på sikt gi færre feil og meir stabil togtrafikk.
Kvifor kjem det ikkje informasjon om alternative løysingar raskare?
Det er fordi vi i Vy heller ikkje alltid har svaret med ein gong.
Når det skjer uventa ting på jernbanen, oppmodar vi dei reisande til å søkje informasjon i Vy-appen, følgje med på skjermane på stasjonen og lytte til beskjedane som blir gjevne.
Når noko stoppar opp, er det mykje som må avklarast parallelt. Vi har førehandsdefinerte planar saman med Bane NOR, men før dei kan setjast i verk må vi vite meir: kva er feilen, kvar er feilen, kvar kan tog snu, kvar kan vi setje inn bussar, kor lang tid tek det å få bussar på plass – og meir.
Informasjonen kjem stegvis fordi situasjonen endrar seg stegvis. Det kan vere frustrerande, men å gi deg feil informasjon raskt er verre enn å gi deg rett informasjon litt seinare.
Vi jobbar aktivt med å finne betre og raskare løysingar slik at du som passasjer skal få best mogleg og raskast mogleg informasjon.
Kvifor er toget ofte fullt?
I rushtida fraktar vi over 200 000 reisande berre på Austlandet, og det er rett og slett ikkje plass til fleire avgangar. Jernbanen har fysiske grenser: spor og tunnelar har ein maksimumskapasitet, og vi er allereie nær denne i rushtida.
Ein del av løysinga er å få fleire togsett i drift, slik at vi kan køyre fleire dobbeltsett (lange tog). I 2027 startar utrullinga av nye togsett, med betre plass til fleire passasjerar. Samstundes jobbar vi for å auke kapasiteten på verkstader, slik at vi får halde tog ved like som planlagt – og dermed køyre dei toga vi skal.
Kvifor har ikkje toga fleire vogner?
Mange spør kvifor vi ikkje berre kan setje på fleire vogner når toga er fulle. Det enkle svaret er at vi ikkje har fleire tog å ta av. Alle tilgjengelege togsett er i bruk i rushtida.
Mange trur utfordringane først og fremst handlar om dei eldste toga. Men også Flirt-toga – dei grøne toga vi har på Austlandet – er heilt avgjerande for kapasiteten i rushtida. Når fleire tog samstundes er ute av drift, blir det ikkje nok tog til å køyre alle avgangar med så lange tog som vi ønskjer.
Det kan vere fleire grunnar til at tog blir tekne ut av trafikk. Nokre må byggjast om for å kunne bruke det nye signalsystemet. Andre må på verkstad på grunn av tekniske feil, slitasje eller vedlikehald. I tillegg skjer det hendingar som påkøyrsler med dyr, bilar eller traktorar, som gjer at tog må reparerast før dei kan brukast igjen. Kapasiteten på verkstader er også avgrensa, slik at tog må vente på vedlikehald.
Når vi manglar tog, må vi velje mellom færre avgangar eller å køyre flest mogleg avgangar med kortare tog. Som regel vel vi det siste, slik at flest mogleg kjem seg til jobb, skule eller heim, sjølv om det kan bli trongare om bord.
I løpet av 2027 byrjar dei første av 36 nye lokaltog å kome. Det vil gi betre kapasitet og ein meir stabil kvardag for pendlarane over tid. Samstundes jobbar vi med å auke kapasiteten på verkstadene.
Når blir det betre?
Det tek tid å gjere store betringsarbeid på jernbanen. Dette er ikkje unikt for Noreg, men gjeld generelt i dei fleste land. Det tek lang tid å byggje nye spor, nye verkstader eller å bestille og få nye tog.
Men frå 2027 skjer det ting: dei nye lokaltoga byrjar å kome, og nye signalanlegg skal gi færre feil og meir stabil togtrafikk. Vi veit at ny infrastruktur fungerer – der får vi fleire avgangar og betre punktlegheit, noko som gjer at fleire vel toget. Follobanen er eit godt døme. I åra etter kjem det også fleire nye regiontog.
I desember 2027 blir ein ny rutemodell innført for Austlandet. Då blir Flytogets avgangar erstatta med regiontog. På strekninga frå Drammen til Oslo blir talet på avgangar dobla, frå fem til ti tog per time.
Vi lovar ikkje at alt blir perfekt over natta, men vi gjer det vi kan for at du som pendlar skal merke forskjell – både på små og store ting.
Kva betyr eigentleg «teknisk feil»?
Det betyr at noko har slutta å fungere slik det skal. Det kan vere alt frå feil på sikringar, ventilasjonssystem eller elektronikk.
Toga køyrer under svært krevjande forhold – bratte bakker, skarpe kurver og temperatursvingingar frå minus 20 til plussgrader. Slitasje er uunngåeleg. På dei eldste toga, som nærmar seg 40–50 år i bruk, oppstår tekniske feil oftare, men det kan også skje på nyare tog.
Feilen kan vere tryggleikskritisk, og då må toget takast ut av trafikk umiddelbart. Av tryggleiksomsyn blir tog ikkje sette tilbake i trafikk før feilen er heilt retta og nødvendige kontrollar er gjennomførte. I andre tilfelle kan toget køyre ferdig ruta før det må på verkstad.
Tekniske feil kan dermed føre til uplanlagd nedetid og redusert tilgjenge på togsett.
Visste du at...?
- meir enn 200 000 menneske reiser med tog kvar dag på Austlandet?
- rundt 180 tog er i drift i rushtida for å få folk til jobb og skule?
- det blir over 60 millionar togreiser på Austlandet i løpet av eitt år
- eitt fullt tog kan erstatte rundt 600 bilar på vegane?
- køane kunne strekt seg frå Oslo til Lillehammer dersom mange fleire måtte køyrt bil?