Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Endringar på RE11 Vestfoldbanen

Publisert 8. september 2026 kl. 12:02

Frå 12. oktober til 22. november blir det buss for tog og endra rutetider på linje RE11 når Bane NOR skal jobbe på Vestfoldbanen.

Kundeveileder viser vei på Asker stasjon

Foto: Mats Willand

Slik køyrer toga

Toga vil køyre som normalt mellom Asker og Eidsvoll i heile perioden.

Toga vil òg køyre mellom Stokke og Skien, men her får fleire av avgangane nye rutetider, med avgang 30 minutt tidlegare enn vanleg. Desse toga køyrer òg med færre vogner enn normalt.

Slik blir buss for tog-tilbodet

Det blir ein lang periode med arbeid, men vi skal sørgje for at du kjem deg trygt og enkelt fram dit du skal.

Vi har sett inn ekstra mange bussar, og du finn fleire kundeværleiarar på dei største stasjonane som kan hjelpe deg med reisa di.

Slik køyrer bussane:

  • Frå/til Asker/Drammen køyrer vi buss for tog til stasjonane Sande, Holmestrand og Stokke medan arbeidet går føre seg.
  • Vi set òg inn eigne bussar som vil køyre direkte frå/til Asker–Tønsberg og Asker–Horten, med avgangar opptil kvart 10. minutt i rushtida.

Planlegg reisen og se rutetider

Ny togstasjon i Horten

  • Når arbeidet er ferdig, opnar nye Horten stasjon for togtrafikk, ein ny og moderne stasjon med innfartsparkering med opptil 600 parkeringsplassar, sykkelhotell og to oppvarma venterom. Den nye stasjonen tek over for dagens Skoppum stasjon, som blir stengd permanent når nye Horten stasjon blir teken i bruk.
  • Har du lagra Skoppum som favorittstrekning eller favorittstasjon i Vy-appen, eller abonnerer du på varsel for reiser til/frå Skoppum? Hugs å endre til Horten stasjon etter 22. november, slik at du får reiseinformasjonen du treng.

Kvifor er det stengt?

Bane NOR byggjer nytt dobbeltspor frå Nykirke sør for Holmestrand til Barkåker nord for Tønsberg for å leggje til rette for høgare fart og fleire avgangar på Vestfoldbanen.