Hopp til hovudinnhald
Vy logo
Innstilte tog på grunn av streik

1 varsel

Åpne for å lese mer.

Reis meir for mindre med periodebillett

At periodebillettar løner seg for dei som pendlar ofte er nok noko dei fleste veit, men at ein også kan spare pengar på enkeltreiser ved å velje periodebillett kan overraske mange.

Mann i hvit skjorte som sitter på toget.

Reis kollektivt – det løner seg

Å reise kollektivt til og frå jobb er i dei fleste tilfelle både raskare og billigare enn å køyre bil. I tillegg får ein tid til å gjere unna litt arbeid medan ein likevel sit på toget. Men periodebillettar kan også være ein måte å gjere reisa enda billigare på, sjølv om ein berre skal ut på ei reise. For med både 7-dagarsbillett og 30-dagarsbillett reiser born gratis i følgje med vaksne, og nokre gonger kan dette utgjere mykje pengar spart.

Meir om periodebillettar

Periodebillett gir òg familierabatt

Tur-retur Voss-Bergen kostar 566 kr for éin vaksen (278 kr pr. veg). Til samanlikning kostar ein 7-dagarsbillett på same strekning 787 kr, og ein 30-dagarsbillett 2105 kr.

Med alle periodebillettar gjeld òg familierabatten til Skyss, som tyder at inntil fire born reiser gratis saman med ein vaksen.

Til dømes vil ein tur på kino i Bergen for ein familie med to vaksne og to born koste 1392 kr tur-retur med enkeltbillettar, men om ein hadde hatt periodebillett (enten 7 dagar eller 30 dagar) ville borna reist gratis. Med 7-dagarsbillett for dei vaksne ville same turen kosta 1574 kr.

Og det er berre på den eine turen. Med periodebillett kan ein jo reise så mykje ein vil innanfor vald periode og sone.

Så reis smart og spar pengar og miljøet. Kvar tur tel.

Rask og avslappa tur til jobb

Køyrer du bil, vil du bruke omtrent 1 time og 37 minuttar på å køyre den 103 km lange strekninga frå Voss til Bergen, med ein gjennomsnittleg hastigheit på 63,7 km/t.

Men, køyrer du med tog, kan du nyte ei litt raskare og meir avslappa reise. Med Vy, tar det kun 1 time og 14 minuttar å kome seg frå Voss til Bergen. I tillegg kostar det kun 53 kr per reise med ein periodebillett.

Du kan spare tid og pengar – og unngå stresset med å køyre sjølv. Velg toget for ei trygg, praktisk og rimelig reiseoppleving.

Periodebillett – kort fortalt

  • Billett for 24 timar, 7, 30 eller 365 dagar
  • 365-dagarsbillett – 12 månader for prisen av 10
  • Kan refunderast
Tog kjører inn til Oslo

Mange avgangar på Arnalokalen

Det er enkelt for deg som pendlar: Arnalokalen har avgangar kvar 15. minutt.

Priser og reisetid

  • Voss–Bergen tar 74 min. Periodebillett koster 2105 kr, pris pr. tur er 53 kr.
  • Arna–Bergen tar 8 min. Periodebillett koster 844 kr, pris pr. tur er 21 kr.
  • Bergen–Vaksdal tek 25 min. Periodebillett kostar 1268 kr, pris pr. tur er 32 kr.
  • Bergen–Dale tek 40 min. Periodebillett kostar 1268 kr, pris pr. tur er 32 kr.
  • Dale–Voss tek 32 min. Periodebillett kostar 1268 kr, pris pr. tur er 32 kr.
  • Dale–Vaksdal tek 14 min. Periodebillett kostar 844 kr, pris pr. tur er 21 kr.

Pris pr. tur er rekna ut frå 20 arbeidsdagar i månaden med tur/retur – 40 togturar.